• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Oselvaren på Unescos kulturarvsliste

 



1. desember 2016 vart Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen ført opp på UNESCO si liste over gode vernepraksisar. Nominasjonssøknaden er utforma av Kjell Magnus på oppdrag frå Oselvarverkstaden.





Norge ved Kulturdepartementet nominerte i 2015 Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen til UNESCO-lista «Good Safeguarding Practices» – gode vernepraksisar – etter konvensjonen om immatriell kulturarv. Tiltaket som er nominert har tittelen: «The Oselvar boat – reframing a traditional learning process of building and use to a modern context». Søknaden er utarbeidd av Kjell Magnus på oppdrag frå Oselvarverkstaden og hadde ikkje vore mogleg å realisera utan bakgrunnsarbeidet som er gjort til boka Oselvar - den levande båten.



Til UNESCO’s konvensjon om immatriell kulturarv er det knytt tre ulike lister: «truga kulturuttrykk», «representativ liste» og «gode vernepraksisar». Innanfor sistnemnde er det til no berre teke opp 17 tiltak på verdsbasis og det er denne lista Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen er nominert til.

Lista over gode vernepraksisar er eit oversyn over gode døme på nasjonalt eller overnasjonalt nivå. Målet er å fremja utveksling av og samarbeid om program, prosjekt og aktivitetar som har vist seg å ha god effekt og kan vera førebilete for andre land og lokalsamfunn.

Med immatriell kulturarv vert det her sikta til kulturarv som tradisjon, språk, utøvande kunst, sosiale skikkar, tradisjonell handverkskunnskap og dugleik. Dette til skilnad frå materiell/fysisk kulturarv som til dømes Bryggen i Bergen eller Røros.

Medieomtale 2016
Oselvarbåten skrevet inn på UNESCOs register over gode vernepraksiser på regjeringen.no
Os-bygdas stolthet på UNESCO-listen i Bergensavisen
Oselvarverkstaden på verdsarvslista hos Hordaland Fylkeskommune
Oselvarverkstaden blir "best practice" hos Forbundet Kysten
Oselvarverkstaden på verdsarvslista i Bømlo-Nytt
Oselvarkunnskap på Unescoliste i Bladet Tysnes
Bygging og bruk av oselvaren får Unesco-status i Marsteinen
Viktig statusløft for tradisjonsbåten i Kyst og Fjord


Medieomtale 2015
Artikkel hos Midtsiden.no:
Nominert til eksklusiv UNESCO-liste

Artikkel hos NRK Hordaland:
Kan bli eneste nordiske bidrag på UNESCO-liste

Artikkel på Oselvarverkstaden si nettside:
Oselvarverkstaden nominert til UNESCO-liste

Artikkel på Kulturrådet si nettside:
Oselvarverkstaden sendt vidare til UNESCO

Sjå òg s 78 i Forbundet Kysten sin søknad for å bli akkreditert som konsultativt organ hos UNESCO:
http://www.unesco.org/culture/ich/doc/src/NGO-90349-10.COM-ICH-09.pdf
Les meir om dette hjå Forbundet Kysten:
Anbefalt UNESCO-akkreditering




Get Adobe Reader Read file
 

Nominasjonen av Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen til UNESCO