• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



America's Cup

 
Verdas eldste idrettstrofè!
 

Verdas eldste idrettstrofè!

 



Dronning Victoria sette opp pokalen i 1851. I ein regatta rundt Isle of Wight vann den amerikanske båten America mot 15 engelske farty. Pokalen fekk så namn etter båten, America’s Cup og vart evigvandrande.

For å få tevla om Cup´en måtte ein seglklubb i ein anna land enn det landet som sist vann, utfordra den seglklubben som sist vann pokalen. Mot slutten av 1800-talet kom det mange utfordringar frå både engelske og canadiske syndikat som ville slå amerikanarane. Men amerikanarane forsvara Cup´en gang etter gang.

Fyrst i 1983 klarte ein utfordrar å vinna Cup´en, Australia vann med båten Australia II. Dermed vart den lengste sigersrekkja – 132 år! – i idrettshistoria broten.

Etter den tid har USA, New Zealand og Sveits vunne pokalen. 25. september 2013 var det klart at pokalen framleis vert verande på amerikanske hender då BMW Oracle slo Team New Zealand i den 34. utgåva av Americas Cup.

Les meir om America's Cup på www.americascup.com