• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Regelverk for AC

 

Her fylgjer ei sterkt forenkla forklaring av regelverket for seglasar om America's Cup.



America's Cup er ein evigvandrande pokal som skal seglast om to båtar frå to seglforeningar som representerer to ulike nasjonar.

Det heile vert innleia med at det vert sendt ei utfordring til førre gongs vinnar av seglasen om å tevla om pokalen i ein serie seglasar.

Dinest fylgjer forhandlingar kring kva båttype det skal seglast med, farvatn, tidspunkt og kor mange seglasar som skal inngå i serien.

Seglasane går føre seg på bane og det vert segla eit løp per dag.