• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  




Norge på langs med Oselvar

 

Sundag 6. mars heldt Bjørn Tomren, Hallgeir Forstrønen Bjørnevik og Kjell Magnus to multimedieforedrag om roturen Norge på langs-turen fyrstnemnde gjennomførte sumaren 2015. Foredraga gjekk føre seg i Båthallen på Hordamuseet.


Musikalsk underhaldning ved Oselvarbanden.
Foto: Ole Vidar Søviknes



Sumaren 2015 rodde Bjørn Tomren Norge på langs med ein nybygd Oselvar. Turen starta i Honningsvåg og enda på Lindesnes. Dette er fjerde Norge på langs-turen Bjørn har gjennomført. Han er elles kjend som jodlaren Polka-Bjørn, sjå https://www.facebook.com/pages/Polkabjørn-og-Kleine-Heine/174088424943




Hallgeir Forstrønen Bjørnevik, Bjørn Tomren og Kjell Magnus Økland fortel om bygging av båten som vart brukt på turen.
Foto: Per Molvik

Båten vart bygd våren 2015 av Hallgeir Forstrønen Bjørnevik i verkstaden hans på Bjørnen i Os. Under foredraget stod båten utstilt i Båthallen på Hordamuseet, der publikum kunne sjå korleis ein rotur på 2000 kilometer pregar ein nybygd båt. Du kan lesa meir om båtbyggjaren Hallgeir på https://sites.google.com/site/oselvarseglno/

Turen vart formidla undervegs av Kjell Magnus Økland via bloggen http://bjornpaalangs.no/. Der kan du sjå bilete og multimediereportasjar frå heile turen. Kjell Magnus var óg med og rodde på delar av turen og er forfattar av den komande boka om Oselvaren - sjå www.oselvarbok.no

I multimedieforedraget fekk publikum høyra røvarhistoriar frå roturen, bygginga og meir allment om Oselvaren. Innimellom var det musikalsk underhaldning ved Oselvarbanden.



Etter foredraget kunne publikum sjå, ta på og lukta på båten som vart brukt på turen.
Foto: Ole Vidar Søviknes

Medverkande
Roar: Bjørn Tomren
Båtbyggjar: Hallgeir Forstrønen Bjørnevik
Bloggar/forfattar: Kjell Magnus Økland
Det heile varte ein dryg time og gjekk føre seg i Båthallen på Hordamuseet sundag 6. mars kl. 13 og 15.

Les meir på http://bymuseet.no/index.php?vis=1468

Sjå óg Facebook: https://www.facebook.com/events/1684139855205299/




Get Adobe Reader Read file
 

Plakat: Norge på langs med Oselvar