• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Den norske bakgrunnen

 

Dei norske sjøfolka kom gjerne frå visse stader langs Sør- og Vestlandskysten: Horten, Arendal, Egersund, Stavanger, Karmøy, Bømlo og Tysnes. Årsakene til dette er samansett.



For det fyrste må det vera godt grunnlag for å "utdanna" sjøfolk på heimstaden. Dette grunnlaget kjem via maritim aktivtet i mindre båtar der sjømannskap vert overført til gutungane alt i ung alder.

For det andre må det vera grunnlag for å utvandra til Amerika, altså ikkje altfor gode økonomiske utsikter for sjøfolk på heimstaden. Ofte har motoriseringa gjort ein del av mannskapa overflødige i til dømes fisket eller fraktenæringa.

For det tredje må det finnast nokon som får ein fot innanfor amerikansk kappsegling. Her er det ofte individa som utmerkjer seg og får høve til å avansera.

Med nokre nordmenn på innsida av systemet, opnar det seg dermed ein ny og spanande arbeidsmarknad for andre nordmenn som er på rett stad til rett tid og med den rette kompetansen.