• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Initiativtakar til eintyperegatta

 

28-30. september arrangerte Ran Seilforening ein ny regatta for eintypeklassane F 18, Melges, Express, Snipe og Yngling. Kjell Magnus var initiativtakar og regattasjef for regattaen.





Eintypesegling er tevling mellom like båtar, der fyrste båt i mål er vinnaren. Eintypesegling skil seg frå handikap-segling, der ulike båtar tevlar mot kvarandre og ein nyttar eit tidskorreksjonssystem for å kåra ein vinnar.



Dei seinare åra har det ikkje vore stor interesse for eintypesegling på Vestlandet, men dette kan no vera i ferd med å snu. Målet med RAN Eintype Regatta er å skapa ei flott helg med tett eintypesegling på bane, minnerike sosiale hendingar i Anglevik, nyskapande formidling via internett og setja i gang prosessar som fremjer eintypesegling på Vestlandet.

Les meir om regattaen på vevsida til RAN Eintype Regatta