• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Loggbok

 

Loggbok frå regattasegling med Ola Dilt.



Sesongen 2004

Laurdag 26. juni – Sommarregatta på Milde
Mannskap: Torbjørn Vefring og Celine Winther
Seglføring: K 25
Løp: faste merker, mest slør, 1 krysslegg
Vind: nord, råsete 5-6 m/s

Ny kjøl skpar spaning før start. Det viser seg at boltane er litt tynnare enn på den førre så båten lek litt ved kjølen. Synd sidan resten av båten no er tett. Andre spaningsmoment er masta som definitivt treng ein omgang med lim rundt mastetoftehøgd. Der har limen sluppe taket fullstendig og masta verkar heilt laust der. Altså fleire usikre faktorar før start.

Starten er brukbar. Som vanleg er det Sjanse som er viktigaste konkurrent. Faktisk einaste konkurrent. Me startar litt bakom og til lo på styrbord halsar. Løpet går ut Fanafjorden og over til merke 5 ved Selvågen innerst på Korsnes-landet. I det me sig forbi Herøyodden er me fyrst ute i den nye vinden og får nokre meter på Sjanse. Bortover mot merket har me 20 sekunds leiing. Me rundar fyrst med å falle av og jibba rundt merket. Ikkje altfor tett, men godkjent. Me er framleis fyrst når me passerar Herøyodden på veg innover Fanafjorden, men vert snart forbisegla i lo av Sjanse som får gå på ei råse tett inne ved land. Innover forbi Milde og heilt inn mot Grønevika går det unna i 5-6 knop med spilinga nett så vidt ute. Me mistar vinden eit augneblink og får ein liten lofylling som må austast ut. Ikkje verre enn at me tek innpå Sjanse. Innover mot merket får me fleire gode løft og me ser at Sjanse også får det. Me tar sjansen på å stikka litt i skjøta for å få ekstra fart og tenar på dette og er nesten oppe på sida på Sjanse når vinden slår kraftig i mot og det heile endar med at me må ta eit ekstraslag for å komma rundt bøyen og då er Sjanse langt framom igjen. Synd, men ein slik kalkulert risk må ein vera viljug til å ta. I praksis vart løpet avgjort her for no er avstanden vorte for stor mellom båtane til at det vert nokon kontakt igjen. Me slørar ut til merke 1 sør om Herøyodden, så vert det ein lens ned til merke 4 på Rød før det einaste krysslegget i løpet. Her tar me sjansen på å slå tidleg og gjera eit anna vegval enn Sjanse, men heller ikkje det var nokon god butikk. Båtfarten er ikkje all verdas og nok ein gong tapar me terreng. Frå merke 2 er det ein ny tur ut til merke 5 før me slørar til mål der klokka seier at me er om lag 8 minutt bak Sjanse.

Sundag 27. juni – Sommarregatta på Milde
Mannskap: Torbjørn Vefring og Celine Winther
Seglføring: K 25
Løp: faste merker, start-1-7-1-mål (1 langt kryss legg ut til sør for Horsøy og ein lang lens)
Vind: vest, 2-4 m/s

Ny dag, nye sjansar. Me gjer eit slag om lag 40 sekund før start og vert ståande fullstendig parkert i det skotet går og må sjå Sjanse stikka litt i frå i starten. Men me sig innpå og ligg i eit felt der det ser veldig riktig ut til å vera. Me nærmar oss Sjanse og sig opp til lo i forhold til den. Her gjer me dagens store tabbe med å ikkje få med oss merke 1. Ukonsentrasjon ved kartlesinga gjer at dette merket vert ignorert. Sjanse står vidare sørover medan me slår for å følgja landet langs Herøyodden for babord halsar utover av di me trur at me skal til merke 6 ved Seløy. Det er sterk straum som dreg oss ned mot land og me må gjera fleire slag over på styrbord for å komma oss rundt to av nesa langs land. Vinden er ganske svak og båten kjennest ikkje så sprek ut. Det viser seg ganske raskt at me er på villsport. Me ser det fleire gongar ganske tydeleg at me er milevis bakom Sjanse og det verkar rart at dei held så fast på Korsneset når me skal rundt merke 6. Men akk – så kjem sanninga for ein dag og me innser at me har segla mot feil merke. Lite å gjera med det no og me held fram på styrbord banehalvdel. Grimstadjollane og dei andre Oselvarane fylgjer oss, men det er tydeleg at det favoriserte vegvalet er det Sjanse som har gjort. Dei rundar bøya om lag 20 minutt føre oss og det kjennest lite inspirerande. Spesielt med tanke på at me trur at me skal enda ein tur ut til merke 7. Etter nokre mindre bra slag kjempar me oss rundt bøya og kan setja spilinga heimover. På denne lensen tek me faktisk innpå Sjanse med nokre minutt, men det hjelper lite når det er ein fjord mellom båtane. Når me omsider kjem i mål er me om lag 17 minutt bak Sjanse og dette vart ein keisam regatta der ting vart avgjort altfor tidleg i løpet.

Oppsummering:
Båtfarten kjendes dårleg, det samme med vegvala. Overgangen frå større båtar til Oselvar gjorde nok også sitt til at ein del manøvrar kunne vore betre utført. Men me var der i båe løpa og med litt meir flaks/dugleik så kunne me heldt på leiinga noko lengre båe dagane.

Sesongen 2002
Laurdag 28. september – Klubbmeisterskap Bjørnefjorden
Mannskap: Olav Sigurd Nødland og Sigurd Grøteide
Seglføring: K 25
Løp: pølsebane 2 rundar
Vind: vestleg, men skiftande 5-6 m/s

Me er einaste K-båt av di Glimt har montert feil mast på. Dermed vert det respittsegling mot spribåtane. I fyrste starten ligg linja nokså nøytral så me startar for styrbord halsar. Me kjem greitt ut og er snart på topp av dei andre. Me gjer eit strekk ut mot Gjerslingane til me er på layline. Når me nærmar oss merket slit me med høgda grunna fleire vonde vindkantringar, men me skyt merket og er greitt rundt. På lensen skjærer me litt før me jibbar. Båthandteringa går nokonlunde, men me tek inn spilinga i jibben for å ha mest mogleg kontroll. Me kunne nok ha segla eit halvt minutt minst med spiling på babord halsar. Ei god runding og me er i gong på kryssen att. Både sjø og svært ujamn vind får ta skulda for at me ikkje får heilt topp båtfart. Sidan me seglar åleine handlar dette i grunnen mest om å få mest mogleg fart og kryssen er sopass kort at det ikkje vert meir enn eit slag før me står merket igjen. Lensen vert reprise og rundinga går greitt. På den stutte kryssen opp til mål er nok ein gong problemet å få full fart i båten. Men på korrigert tid er me 19 sekund føre fyrste spribåt og det er meir enn nok.

Laurdag 28. september – Klubbmeisterskap Bjørnefjorden
Mannskap: Olav Sigurd Nødland og Sigurd Grøteide
Seglføring: K 25
Løp: pølsebane 2 rundar
Vind: vestleg, men skiftande 5-6 m/s

I andre starten er det klar babord fordel. Me er treige og kjem halsande bak dei andre og vrengjer til bak hekken på Berserk. Men me brukar ikkje meir enn vel 2 minutt før me er langt føre dei andre. To gode slag og vips så er me på layline. Denne gongen står me merket fint og me lensar utan den heilt store farten. Leiinga ser ut til å vera stor nok, trur me. Neste kryss går også greitt utan dei heilt store hendingane. Det same gjeld lensen. Men nok ein gong er det eit problem å få full fart i båten. Vinden er der, men me maktar ikkje å få den til å dra oss skikkeleg. På siste kryssen før mål er det heller ingenting spanande som skjer og me går i mål lenge før dei andre trur me, men det viser seg at avstanden berre var på 13 seukund på korrigert tid...

Laurdag 28. september – Klubbmeisterskap Bjørnefjorden
Mannskap: Olav Sigurd Nødland og Sigurd Grøteide
Seglføring: K 25
Løp: pølsebane 2 rundar
Vind: vestleg, men skiftande 5-6 m/s

Før siste seglasen har me hatt oss ein tur innover mot Våge og ser brått at både klasseflagg og varselflagg er oppe på komitébåten. Linja ligg med styrbord fordel så det er berre å peisa på og komma seg over dit. Me slår og går over linja for styrbord halsar med ein kjempestart omtrent i skotet! Kven sa at det er så stor fordel å ha god tid? Oppover på kryssen går vindkantringane helst i mot og brått er spribåtane nesten i hekken på oss igjen. Men me kjem oss fyrst rundt og har omlag eit halvt minutt på fyrstemann. På lensen vel me å jibba med ein gong og gå utover mot Helgasteinen der me trur det er meir vind. Eit par vingelete jibbar seinare er me nede og rundar utan at det ser ut til at me har gjort noko sjakktrekk. Sjølve rundinga av lensemerket går greitt og me set bånn pedal på kryssen – for ein gong skuld i dag får me båten til å gå skikkeleg. På layline pinar me og tilslutt rek nedpå kryssmerket. Me er borti med løygongen så det er svært lite som skal til før at me hadde unngått heile 360-rundansen som no fylgjer. Men snurringa går fint og me har framleis eit godt forsprang. Også på lensen får me farten opp. Faktisk sopass at når me tek inn spilinga gløymer me å slakka lensetakkelen slik at når me skal slå på kryssen har den låst seg og me må segla nokre meter med halvfull båt og seglet nedpå ein stram lensetakkel i le! Men det går greitt og me kjem oss i mål. Medan me kavar på for å få løsna takkelen stilnar det litt og me har stor fordel av dette slik at me vinn denne seglasen også – denne gangen med fleire minutts forsprang på korrigert tid.

Sundag 8. september – Lerøy Rundt - Hjellestad Korsfjorden
Mannskap: Svein Ivar Angell og Arne Hansen
Seglføring: K 25
Løp: Turløpet Lerøy Rundt
Vind: sørlig 0-2 m/s dreiande nordlig 3 m/s

Me har som vanleg dårleg med tid før start og padlar for å komma rundt alle bryggjene på Hjellestad medan både 5- og 4-minuttssignalet går. Men me kjem oss fram til linja og gjer ein god start, trur me. Langt nede på linja virkar lurt ettersom me skal vestover. Men så viser det seg at me ikkje skal den vegen allikevel – dermed forandrar starten karakter til katastrofestart der me brått ligg sist. No skal me istaden kryssa opp det smale sundet i Åleknappen. Me gjer slag etter slag og plukkar spribåt etter spribåt. Men diverre er straumen i mot og vinden kantrar slik at kryssinga vår er nesten til fånyttes. På eit slag att og fram over sundet vinn me på det verste berre 10 meter. For spribåtane er det enda verre – fleire av dei seglar totalt sett baklengs! Kva er dette for tull med at me skal segla denne vegen? Me kjem oss tilsutt igjennom som båt nr. 2 og må dermed ha segla relativt bra alikevel sidan me er føre båe L-båtane. Jo derimot har fått eit langt forsprang som det ser ut til å vera lite å gjera med. Utover mot Korsfjorden går me både på aust og vestsida, men vind er det ingen av stadane. Og snart ligg me fullstendig i ro. Trøysta er at det gjer alle andre også. Men snart ser me bak oss at heile feltet med spribåtar og L-båtar kjem spilande mot oss på nordavind. Me ligg i ro, men gjer klar spilinga og snart er me siget att. Men det varte ikkje lenge før nordavinden dauar og me igjen er overlatt til straumen. Ei lita stund rek me bakover. Men så byrjar ting å skje: Det kjem ny vind – denne gong frå nordvest langs sunda på styrbord. Me får vinden fyrst og Jo ligg for langt ute på fjorden førebels, men etterkvart når vinden fram til dei også. No er me berre 10 båtlengder bak og dei har panikken så dei slår for å komma nærare vinden. Me vurderar slaget, men ser ingen mon i det sidan me peikar på merket utan problem. Jo fell etterkvart litt av for å auka farten, men me seglar oss nærare og nærare. Så ser me komitébåten med avstuttingsflagg og kan berre konstatera at det er snart målgang. Me ligg no rett i hekken på Jo og dei skjærer til for å stengja ei eventuell lo passering. Me har ikkje store vala og freistar likevel å gå på lo. Det hjelper lite og me kjem i mål halvtanna minutt bak Jo grunna nokre vindkantringar som overhode ikkje var til vår fordel like før mål. På vegen inn til Hjellestad får me derimot fin vind og har ei riktig kosestund med 2 mann på ripa.

Laurdag 31. august – Oselvar-regatta på Os
Mannskap: Morten Epland og Leif Harald Amundsen
Seglføring: K 25
Løp: trekantbane - 2 rundar
Vind: nordvest , svært skiftande, 3-6 m/s

Einaste K-båt og åleine i starten. Ikkje all verdas vanskeleg å få til ein nokonlunde start. Me slører ein skarp slør ned til merke med god fart og 2 mann på ripa. Ei brukbar runding og direkte på jobb gjer at me kan setja spiling nedover mot neste merke. Farten er ikkje så god no som me kunne tenkja oss – vinden har løya litt. Så kjem neste merke og me rundar greitt og stramar til for full kryss. Me står eit stykke for babord før me slår over der me får den eine oppstikkaren etter den andre. Brått er me i ferd med å overstå merket og me slår igjen. Dei siste metrane før merket vrir vinden litt i mot og me lyt pina oss rundt. Neste runde går greiare og me kjem oss i mål omlag2 min og 30 sek føre fyrste spribåt, men det er ikkje nok til å vinna på respitt.

Laurdag 31. august – Oselvar-regatta på Os
Mannskap: Morten Epland og Leif Harald Amundsen
Seglføring: K 25
Løp: trekantbane - 2 rundar
Vind: nordvest , svært skiftande, 3-6 m/s

Denne starten går saman med spribåtane, men ikkje alle har fått med seg at det er nytt løp. Igjen slører me greitt til den fyrste bøyen der me rundar og jibbar omlag i rundinga. Neste legg er også slør, men litt rommare og me spiler og får god fart. Rundinga er god og på kryssen slår me 3 slag og er oppe ved merket att. Neste runde går føre seg omlag på same måten bortsett frå at på kryssen får me ein oppstikkar slik at me står rett i mål ved å skyta babord bøye. Og på dette tidspunktet har me ein del vatn i båten etter ei fylling grunna ein låst lensebardun. Men me går i mål og ser på klokka, men det er ikkje langt nok føre spribåtane denne gongen heller.

Summa summarum:
Fin, men vanskeleg vind og strømmen frå Oselva gjer det heile krevjande. Synd at ingen andre bermudabåtar dukka opp. Ok fart og ok båthandtering.

Laurdag 24. august – Kretsmeisterskap - Korsfjorden
Mannskap: Rita Teigland og Vegard Aslaksen
Seglføring: K 25
Løp: pølsebane 2 rundar
Vind: Sør 0-3 m/s

Kretsmesterskap skulle det vera, men berre 4 båtar stilte. I fyrste start er det klar babord fordel og alle båtane klumar seg oppe med babord merke. Me vel å starta på styrbord for å låsa dei andre – eit lurt trekk sidan me går føre alle saman. Babord banehalvdel favoriserar og me kryssar oppover med ei brukbar leiing. På kryssmerket leiar me med over halvminuttet. Men på lensen skrumpar leiinga med nokre sekund – naturleg nok sidan dei får vinden fyrst. På andre kryssen minkar vinden ned til omtrent null og me berre sig. Ei stund ser det ut som om at me har tapt heile forspranget, men me kan tilslutt jubla over fyrsteplass og eit godt utgangspunkt før neste seglas.

Etter mykje venting og bading kjem det omsider noko vestavind og det vert lagt ny bane.

Laurdag 24. august – Kretsmeisterskap - Korsfjorden
Mannskap: Rita Teigland og Vegard Aslaksen
Seglføring: K 25
Løp: pølsebane 2 rundar
Vind: Vestleg, dreiande norvest 4-6 m/s

Babord fordel igjen i starten og me er på pletten for å lura oss over hekken til Sjanse. Det klarar me berre sånn passe og dei får sleppa fri. Me vel ulike strategiar oppover og når me møtest er det styrbord/babord og spanande. Vinden er svært ujamn på retning så me har litt problem med å få båten til å gå på maks fart. Etter å ha runda kryssmerket som nr. 2 vel ei båtlengd bak Sjanse lensar me utan at stillinga endrar seg. Vel rundt lensemerket gjer me ei betre runding enn Sjanse og peikar høgare, men slit no kraftig med farten deira. Dei dreg i frå og me må ta eit val. Det vert eit langt strekk for babords halsar over til styrbord banehalvdel. Det lønner seg lite, men me har framleis kontakt med Sjanse. Kanskje me ligg 5-6 båtlengder bak. Sidan me startar i felt med både Express og Knarr er det mange båtar på banen og dette skal me snart få merka. Når me har slått for layline og Sjanse rundar tvingar ein Knarr seg framom oss på babords halsar for å skyta mållinja. Og som om ikkje det er nok slår han på topp av oss etter at han har gått i mål! Han drep oss fullstendig og me vert liggjande i stilla til han er segla vekk. Protest vert ropt og me må gjera eit ekstra slag for å stå opp merket. Då kjem Pjalle bakom hekken vår og rundar innanfor oss, men me tek dei att i slutten av rundinga ved å vera litt gniten på plass for merke som dei hadde krav på. På lensen kjempar me med Pjalle. Uansett så må me berre innsjå at toget er gått med tanke på å nå att Sjanse i denne seglasen. Med ei betre runding enn Pjalle vert den siste kryssen berre ein defensiv seglas der me sikrar andreplassen.

Protesten endar ut i ingenting grunna dårleg skrivebordsarbeid.

Sundag 25. august – Kretsmeisterskap - Korsfjorden
Mannskap: Rita Teigland og Vegard Aslaksen
Seglføring: K 25
Løp: pølsebane 2 rundar
Vind: stødig nordavind 7 m/s

Sol og fin vind frå nord. Me er revansjesugne når me lensar utover langs Bjelkarøy. Starten er nesten ute med Blia så det vert ein lang lens. Før start ser me Sjanse segla utan forsegl og me undrast på kva som er gale – svaret kjem snart: festet til fokkefallet er løsna, men dei får fiksa det og er klare til start. Vinden er såpass kraftig at alle må på ripa, men då held me båten ganske greitt sjølv om me er eit relaitv lett mannskap. Startlinja er plenty lang nok til dei 3 Oselvarane og me freistar oss på ein babord start. Det går sånn passe – me kjem bakom Sjanse, men langt føre Jo. Oppover på den lange kryssen vel me å gå på babord banehalvdel medan Sjanse går styrbord. Når me møtest er det klart at me har valgt feil. Sjanse ligg omlag minuttet føre oss og slår deretter berre defensive slag for å dekkja oss. På kryssmerket var me omlag 45 sekund bak og ein lang og tildels keisam lens endrar ikkje dette nemneverdig. Ei nokonlunde runding og me er i gang att på kryssen. Men det er tydelig at dette skal Sjanse sikra. Kvart slag me tek vert fulgt opp av dei og biletet endrar seg lite. I mål er me over minuttet bak og kan lite gjera med det.

Sundag 25. august – Kretsmeisterskap - Korsfjorden
Mannskap: Rita Teigland og Vegard Aslaksen
Seglføring: K 25
Løp: pølsebane 2 rundar
Vind: stødig nordavind 7 m/s

I siste starten er det bera eller brista. Me legg oss til le på Sjanse og freista å loffa dei over linja. Situasjonen er omlag da capo av fjorårets scenario som enda i apellkomitéen. Men det lukkast ikkje heilt – kanskje grunna for lite aggressivitet. Men me klarar å presse dei ned til le og har kontroll på dei. Me bestemmer oss for å slå på dei uansett kva dei gjer. Og når dei slår slår me også og har gløymt at det finst ein båt til utpå: Jo kjem i full fart for styrbords halsar. Me fell og klarar å unngå kollisjon. Me er overtydd om at Jo laut vike og går for 720. I ettertid er det kome fram at det ikkje var naudsynt og dermed kan me vel seia at KM vart avgjort her. Etter runddansen er me langt etter båe to og har få val. Men me slit oss forbi Jo sidan me går mykje høgare enn dei og ligg omlag halvtanna minutt bak Sjanse på kryssmerket. På lensen freistar me å skjæra langt ut før me jibbar og tenar kanskje litt, men dei er for langt føre. Etter ein skandalerunding der lensetakkelen låser seg og me kavar i lengre tid før båten er klar igjen kjem Jo og rundar i til lo av oss. Dermed er det berre å starta ei ny opphenting. Me klarar det igjen – mykje grunna stor forskjell i kor høgt båtane går. Jo seglar sikkert 10 grader lågare enn oss og me berre et oss forbi. På slutten freistar me å gå opp langs land for å tena noko, men om det hjalp er heller tvilsomt. I mål er me over 4 minutt bak Sjanse.

Laurdag 3. august – Sumarregatta på faste merker - Hjellestad og Raunefjorden
Mannskap: Torunn Nødland og Endre Caldwell
Seglføring: K 25
Løp: Start Hjellestad – merke 1 – merke 4 – merke 1 – mål Hjellestad
Vind: 1-3 m/s frå sør

Me får ein litt dårleg start litt nede på linja og ligg litt etter både Pjalle og Sjanse. Men på sløren utover mot merke 1 tek me dei att og det heile tetnar til. Me vel å gå til le av båe Sjanse og seglar etterkvart i frå. Det er tydelig at med så lite vind er det me som har beste båtfarten. Vel rundt merket leiar me med 7-8 båtlengder og på lensen utover aukar me denne leiinga. Eigentleg er det ikkje så mykje som skjer i denne seglasen. Det meste er avgjort når me kom oss fyrst rundt merket. Nedover mot merke 4 har me god kontroll på Sjanse og på kryssen oppover får me vinden før dei andre og rundar omlag 150 meter føre dei. Innover mot mål er det mest spanande å sjå bak på korleis det går mellom Sjanse og Pjalle. Dei har ein jamn duell som Sjanse vinn vel ei båtlengd føre Pjalle. Men då er me allereie i mål for over eit minutt sidan.

Sundag 4. august – Sumarregatta på faste merker - Hjellestad og Fanafjorden
Mannskap: Torunn Nødland og Endre Caldwell
Seglføring: K 25
Løp: Start Hjellestad – merke 1 – merke 4 – merke 1 – mål Hjellestad
Vind: 0-6 m/s frå sør, vest og nord

Betre start denne dagen, men ligg framleis bak dei andre. Løpet er det same som dagen før og bortover mot merke 1 er det fleire duellar med loffing mellom Sjanse og Pjalle. Me seglar (som vanleg forbi i le) og rundar fyrst. På den lange lensen ut til merke 4 rek me langt ned i fjorden grunna straum og vinden stilnar heilt av. Me hadde ei god leiing som forsvann fullstendig. Sjanse rek forbi og me baksar og slår, men kan lite gjera. Snart kjem spribåtane rekande også og faktisk er Seira den som ligg nærast oss ein periode. Sjanse og Pjalle krekar seg rundt merket medan me tek oss god tid og ynskjer dei vel avgårde før me klarar å runda. Men like etter runding får me eit vindpust som me satsar på. Me står eit stykke på babord før me slår over på styrbord og står over fjorden. Me får etterkvart meir og meir vind og trur me har gjort noko lurt. Kor lurt det var kan ein drøfta i etterkant for snart får me sjå Sjanse liggja langt til lo. Kva dei har gjort ombord der anar eg ikkje, men faktum er at dei har 5 minutts leiing på oss når me har kryssa opp til merke 1. Pjalle som låg like i nærleiken vert liggjande ein time til utpå Raunefjorden og vert slegen av dei fleste spribåtane i mål. På kryssen oppover mot merke 1 går me bra og har tidvis både to og tre mann på ripa. Me vert teken igjen av Reinbuen (Rainbow 42 – LYS 1,41) og fleire andre havseglarar veit å segla i vegen for oss utan at dette påverkar vår stilling overfor Sjanse nevneverdig. Innover mot mål kjem det mykje sønnavind og me kryssar mållinja med over 7 knops fart! Men kva hjelper det når Sjanse gjorde det same 5.6 minutt tidlegare?

Laurdag 29. juni – Sumarregatta på faste merker - Fanafjorden
Mannskap: Hallgeir Bjørnevik og Svein Olav Brandtzæg Langåker
Seglføring: K 25
Løp: Mildeskjæret - merke 1 – merke 6 – merke 5 – merke 7 – merke 5 – merke – 6 – merke 1 – Mål

Brukbart med tid før start vert rakst snudd til dårleg tid då me seglar litt for langt unna i den svake vinden frå nord. Me kjem nesten fram til ytste bøye, men må gjera to slag for å komma over linja. Utover mot det fyrste merket tek me feil og trur me skal rundt den innerste blåsa, og slår nordover - noko ingen andre gjer, men dette tener me uansett på så det gjer ingen ting. Sjanse leiar rundt den fyrste blåsa, men me er ikkje mier enn 30 sekund bak. Neste merke ligg ute med Bjelkarøy og det seer ut til at me kan klara det på eit langt legg utover på styrbords halsar men vinden endrar seg fleire gongar i retning og styrke utover. Me går langs land og klarar ikkje halda verken fart eller høgda til Sjanse og tapar stort. Jo kjem bak langt bak oss igjen. Men halvvegs ut til merket dauar vinden fullstendig. Me slår utover fjorden mot Korsneset men tener lite på dette sidan Sjanse får vind omlag samstundes med oss. Avstanden mellom oss når Sjanse rundar er kanskje 130-150 meter, men uhellet råkar oss. Sjanse får vind nok til å komma seg rundt og forsvinn innover fjorden for full fart. Me skal nett til å slå rundt blåsa då vinden dauar av igjen. Me vert liggjande i 5 minutt før vinden kjem att og då er løpet køyrd. Resten av løpet går i grunnen berre ut på å fullføra. På kryssen ut til merket sør for Lerøy seglar me langs Korsneset og får rolegare sjø og truleg meir vind utan at det hjelper særleg på avstanden som er rundt 4-5 minutt. Innover igjen er det lange sløreleggar der me ligg nett framom ein knarr som me tilslutt dreg i frå når me spiler skikkeleg. I mål så er me 7 minutt og 40 sekund etter.

Sundag 30. juni – Sumarregatta på faste merker Fanafjorden
Mannskap: Trond Hagen og Martin Helland
Seglføring: K 25
Løp: Mildeskjæret - merke 1 – merke 2 -


Litt betre start denne dagen. Langt til lo på linja, nesten heilt i blåsa opp med Mildeskjæret. Litt seine, vel 20 sekund etter skotet, men toleg bra. Me sig bra i høve til dei andre og snart er me fyrst. Men så klumpar alle båtane seg når me nærmar oss den eine staken. Me har høve til å loffa Sjanse på den staken, men me let vera. Vidare utover vekslar alle på å ha vind, Sjanse ligg til le, men fremst. Me får noko vind og ser ut til å komma fyrst rundt den fyrste blåsa, men Sjanse rundar 25-30 sek. føre oss. På lens innover mot merke 2 stilnar det igjen. Jo er også føre oss og me vel å gå til lo for den. Dei loffar, men me har betre båtfart og snart er me forbi. Vidare innover satsar me på å gå innover mot Grønnevika og langs land der. Det er heilt stilt, men me sig bra i høve til dei andre. Litt jibbing att og fram og me er fyrst. Men når bermudaoselvarbåtane skal runda kjem det litt vind slik at alle kjem ned til blåsa samstundes. Pjalle kjem som lo båt utan rettar og freistar å tvinga seg inn. Den øydelegg ein god del for oss. Hadde den haldt seg unna ville Ola Dilt hatt høve til å skjera til lo for både Sjanse og Jo som er sigen fram i tetbiletet igjen.

Etter å ha runda slit me med å få fart i båten. Det går sikkert eit minutt før båten fartar skikkeleg og dei andre får stikka i frå. No seglar me full kryss bort bort til Rød og merke 4 og fyrst dei siste 100 metrane kan me gje ørlite slakk i skjøtet. Jo må ta eit ekstra slag og me kjem oss forbi den. Me rundar og jibbar med ein gongog set ut spilinga. No er det ganske ein legg med sløring før me rundar nede på merke 2 att. Deretter er det eit langt krysslegg utan slag opp til Rød att og så ned til 2 igjen før me går for ein kryss ut til merke ein. Me misforstår og trur at me skal i mål og forstår lite av kvifor Sjanse seglar utanfor mållinja. Men etter litt karttyding er me klar for ein ny kryss og me seglar bra. Gjer fleire lure slag og tek innpå Sjanse og når dei attpåtil rundar feil og må ta ekstra runding på merke 1 er me plutselig med igjen. På lensen innover mot mål etter merke 1 har vinden stilna fullstendig og me berre sig framover medan Sjanse ligg fullstendig i ro. Jo har også nærma seg og går innover langs land. Me går til le for Sjanse og kjem ganske greitt forbi. 50 meter før mål ser alt lyst ut og me leiar med omlag 2 båtlengder. Men så kjem eit lite vindpust og puffar Sjanse i mål og inne med Mildeskjæret sig Jo i mål nokre sekund før oss. Totalt skilte det 30 sekund på dei tre båtane. Forbanna surt ettersom me har segla forbi Jo fleire gangar i dag. Og når dei i tillegg slår oss i samandraget på stuttare segltid totalt vert avslutninga på dagen svart.

Laurdag 22. juni - Oselvarregatta Austevoll - Storebø
Laurdag 22. juni - 1. løp - faste merker
Mannskap: Kjell Totland og Torolf Kviteberg + KMØ
Seglføring: K 25
Løp: Start, grøn stake, kvit stake mot sør, grøn stake, øy grøn stake, mål
Vind: Sør 4-6 m/s

Endeleg fått tikkeblokkjene på plass på fokkeskjøtet. Strikket som reverserar bomuthalet er også på plass. Det som derimot ikkje er på plass er vindex´en. I farten vart den gløymt ombord i snekka slik at alt me har å stola på på lensen er litt kasettbånd i vanta.

Startlinja på Austevoll har aldri vore særskilt enkel å starta på. Ingen av endane merkjer seg ut som noko betre enn den andre. Difor startar me midt på og vonar å stikka avgårde i skotet. Diverre er me for tidleg og trass intens bremsing glir me over og må attende og starta på nytt. Verdifull tid går tapt av di vinden dreiar i mot når me slår for å gå tilbake. Dei andre får vind og kostar avgarde og dei er nesten borte ved den grøne staken når me kjem i gong. Me halsar etter og rundaromlagt eit minutt etter. På kryssen innover vel me å gå eit anna sund enn Pjalle og Sjanse. Dette betalar seg litt, men den store gevinsten får me fyrst når me står langt innover ei vik for babords halsar. Då kjem me forbi Pjalle og avstanden fram til SJanse er heller ikkje så stor. Sidan staken står på ei flu er me litt forsiktige og rundar i god avstand frå den.

På lensen spilar me og er tidlege med å jibba. Dette tener me nokre meter på i høve til Sjanse, men nede på den grøne staken er dei framleis langt framom oss. Me rundar staken fint og stramar inn på kryssen. Me sit to mann på rekka heile tida og stundom alle tre, så det går verkeleg unna. På den neste kryssen opp til øya klarar me å halvera avstanden til Sjanse slik at me ikkje er meir enn 20-25 sekund bak dei. Men på den siste lensen ned til den grøne staken og på den korte sløren innover mot er det lite å gjera med dei sekunda. Me kjem i mål som nr. 2.

Laurdag 22. juni - 2. løp - faste merker
Mannskap: Kjell Totland og Torolf Kviteberg + KMØ
Seglføring: K 25
Løp: Start, grøn stake, kvit stake mot sør, grøn stake, øy grøn stake, mål
Vind: Sør 4-6 m/s

Ny start - nye sjansar. Nye tjuvstartar. Omlag blåkopi av det førre løpet. Tjuvstart. Pjalle og Sjanse stikk. Me halsar etter. Denne gongen tek me ikkje att Pjalle. I staden fyller me båten halvfull i vatn oppe ved den kvite staken og me brukar halve lensen på å ausa. Dermed får me ikkje spilt og me tapar fart og avstanden til dei framom aukar. Når me omsider er klar til å segla er det på tide å runda den grøne staken. På den stutte kryssen opp til holmen er me litt uheldige og må slå ein ekstra gong for å stå og me kjem langt etter dei andre inn til mål. Denne avstanden skulle visa seg å verta avgjerande i samandraget.

Sundag 22. juni - 1. løp
Mannskap: Kjell Totland og Torolf Kviteberg + KMØ
Seglføring: K 25
Løp: - olympisk bane
Vind: Vest 4-6 m/s

Me er tidleg ute på banen, seglar litt kringom og får gjort mange gode observasjonar. Startlinja har me også peila og når starten går er me avgårde nesten i skotet på babords halsar. Eit par gode slag på vindkantringane gjer at me opparbeidar oss ei luke. Og når me kjem og skal liggja opptil merket for babords halsar ser det ut som om me har overstått litt. Difor kjører me litt fokk og tener stort fartsmesig. Men me har slettes ikkje overstått - me kjem nett til le for blåsa og kan slå rundt ho. På sløren lensar me brukande og avstanden held seg fram til sløremerket, men nedover mot lensemerket kjem dei sigande innpå oss. Spesielt Sjanse bakerst nærmar seg. Men etter ei god runding har me kontrollen og me slår over på babord tidleg etter merket. Dei andre gjer det same og dermed har me kontroll og slepp å gjera kontrollslag på dei. Oppover mot kryssmerket gjentek det same seg og me får oppstikkar på oppstikkar slik at me aukar på dei to andre. Stadig er Pjalle føre Sjanse, noko me har stor sans for. Nok ein gong kjem me tett opptil merket, dennen gongen på nedsida slik at me må skyta merket. Det går fint. Fartsoverskotet med ein 10 kvm. oselvar er så stort at det ikkje var noko problem. Lensen er ikkje særlig spanande og me rundar kontrollert og går over på defensiv modus. Alle slag som dei andre tek vert fulgt på av slag frå vår side og alt ser fint ut. Men når me nærmar oss mål er me uheldige og hamnar i eit lokalt vindhol som gjer at dei andre får nærme seg, men sigeren vert aldri trua.

Sundag 22. juni - 2. løp
Mannskap: Kjell Totland og Torolf Kviteberg + KMØ
Seglføring: K 25
Løp: - olympisk bane
Vind: Vest - nordvest 4-7 m/s

5 minuttarskotet går utan at det ligg noko startlinje, ikkje lett å vita kva ein skal gjera då. Klokka vår treff heller ikkje og stemninga er litt hektisk når 4-minuttsskotet går. Men blåsa kjem når skotet smell og klokka kjem også i gong og dermed er me klar.

Sjølve starten liknar på ein reprise frå i dagen før der me er altfor tidleg på linja. Me tjuvstartar ikkje denne gongen, men farten i båten er liten og dei andre, Sjanse i lo og Pjalle i le, fyk forbi oss.

Me slår for å få fri vind og kjem litt framom Sjanse, men mykje lågare. Me har i alle fall fri vind og får oppstikkarar. Farten er nokonlunde og me held følgje eit stykke, men etterkvart vert det tydeleg at Sjanse får sterkare vind før oss og aukar på det. Opp mot kryssmerket kjem fyrst Sjanse og me kjem 30-40 sekund bak. Pjalle omlag like langt bak oss.

På sløren skjer det som ofte skjer, nemleg ingenting, dvs. me seglar rundar og seglar ned til lensemerket. Fin jibb og fin runding.

Tilbake på kryssen er stillinga den at me ligg omlag 40 meter lågare enn Sjanse, men etterkvart som me går for babords halsar kjem oppstikkar etter oppstikkar til oss. I tillegg er det litt ekstra kraft i vindråsene og etter eit langt strekk kan me faktisk rekna oss som leiarar i løpet. Både me og Sjanse slår og me har brått større høgd enn Sjanse. Vindkantringa som kjem umiddelbart etter slaget går i vår favør slik at me brått har fått 30 meter større høgd og farten gjer at me snart er oppe på sida på Sjanse. Opp mot merket er det nesten styrbord/babord - dvs me passerar 10 meter framom dei. Dei står akkurat ikkje merket noko me gjer og dermed har me brått 50 meters leiing.

Men etterkvart som me lensar kjem dei sigande og er nesten i overlapp. Men med vekselsvis loffing og styring på merket klarar dei aldri å etablera noko overlapp sjølv om dei prøver seg nede ved merket. Dermed vert det ein ekstrarunde for å få runda merket for Sjanse medan me kan ta ein vrenging kring merket og vera på offensiven på kryssen. Me ligg omlag 10-15 meter til lo og har god kontroll på dei heile vegen. Båtane går stort sett heilt jamnt lenge for styrbords halsar. Når me står i mål slår me medan Sjanse tek sjansen på å stå 15 meter til for å ha ekstra høgde å gå på. Innover mot mål er det difor spanande kva retning vinden vil kantra. GÅr den i mot kjem Sjanse kanskej dirkete i mål og går den med så kjem me tett opptil merket. Men langt nede i le er Pjalle ei stund faktisk føre oss. Men biletet endrar seg raskt og me går føre - det same gjer Sjanse. Men mållinja er det me som kryssar fyrst. Omlag 10 sekund føre Sjanse og med Pjalle 20 sekund bakom der igjen. Ein spanande sistekryss!

Samanlagt vart det derimot berre 2. plass. Både Ola Dilt og Sjanse hadde 3.0 som teljande poeng, men SJanse hadde ei samla segltid som var omlag 3,5 minutt stuttare enn oss og dermed fekk dei med seg premiane. Men likevel vart dette svært oppløftande i høve til førre helg der alt gjekk gale. No gjekk det trass alt bra i helvta av seglasane. Båtfarten virkar å vera der og sjølv om det var litt krøll med lensetakkelen denne gangen også er det for detaljar å rekna.

Sommarregatta på Tysnes
Laurdag 15. juni - 1. løp
Mannskap: Rita og Kjetil Teigland + KMØ
Seglføring: K 25
Løp: Start, Olaholmen, Lyngøy, Teiglandsfluo, avkorting: mål
Vind: Sør 4-8 m/s

Årets fyrste skikkelge regatta. Rett nok har båten vore ein luftetur til Milde, men det var ikkje alvor. Nye esingar, nye naglar langs kjølen, nytt fokkeskjøtepunktssystem, nye fallordningar og ikkje minst nye lensebardunskinner. Med andre ord: nok av ting som burde gjera båten betre.

Grunna at rormannen ikkje nådde den ferja han skulle vert rigginga teken i hui og hast på kaien og masta står slettes ikkje skikkeleg når båten kjem på sjøen. Intens skruing og mekking endar med at starten på regattaen vert utsett grunna oss. Vel vel. Fyrste og siste gong ting gjekk i vår favør denne helga... Forøvrig heile 6 bermudabåtar med i dag, faktisk fleire enn i spri-klassen der det er 5 båtar.

Omsider utpå er det kryss-start mot Gjerstadneset. Me vèl ein plass nokså midt på linja og er kjapt over linja. Like etter start har me fri vind og leiar, men når me nærmar oss merket får me problem med å stå merket og me vert nøydde til å gjera eit slag. Sjanse ser ut til å stå merket, men ingen av dei andre klarar merket utan å slå. For vår del endar seglasen nett her av di babord lensetbardun finn det for godt å kila seg fast. Då nyttar det lite å slakka i storseglet. Me går ned med mann og mus og kan lite gjera. Forbanna irriterande i og med at me låg brukbart til. Me ville runda merket som nr. 2 mindre enn 20 meter bak Sjanse.

Etter redningsoperasjonen vert me taua til lands der båten vert retta opp og tømt. Me får på oss tørre kler og er klar igjen til ny seglas.

Laurdag 15. juni - 2. løp
Mannskap: Rita og Kjetil Teigland + KMØ
Seglføring: K 25
Løp: Start, Olaholmen, Helgasteinen, mål
Vind: Sør 3-5 m/s

Igjen startar me midt på linja. Igjen ein god start. Før start går vurderingane på kor langt ut mot babord på linja me kan starta utan å måtte slå oppe ved merket. Det ser ut som om me gjer bortimot 100% riktig denne gongen. Oppover mot merket kan me stikka litt i skjøta og auka farten. BÅtane bak pressar full høgde og øydelegg for kvarandre. Fyrst rundt er me kjapt ute med spilinga og me ventar med å jibba. Fyrst når me er komen utanfor Prestaskjæret jibbar me. Då har me ei luke på vel 100 meter på Rosita som er båt nr. 2. Men nedover mot staken på Helgasteinen får båtane bak meir vind og Rosita dreg kraftig innpå. Når me rundar er ho berre vel 50 meter bak. Me står eit lite stykke mot Helgasteinen før me slår for å kontrollera på topp av feltet. Men igjen har babord lensebardun tenkt å gjera oss eit puss: den låser seg og tvingar oss til å slå attende på babords halsar og halda fram bortover mot Gjerslingane. Dette tapar me mykje på og me misser også konsentrasjonen. Fokus ligg no berre i å få laus denne lensebardunen og dæljeklubba vert flittg brukt så flisene fyk. Før me veit ordet av det heile er me sist. Me må slakka på spilbomnedhalet for å få løsna lensebarduna og me tapar på det også. Eit par slag seinare kan det sjå ut som om me skal få eit løft då me går innover mot mål for styrbords halsar - dersom me får løftet ville me stått rett i mål og vunne, men lukka er slettes ikkje på vår side i dag: vinden kjem i mot og me lyt gå bakom alt som er. Einaste båten me knekar oss føre i mål er Pjalle. Forbanna irriterande å mista alt etter å ha leia såpass mykje!

Sundag 16. juni - 1. løp
Mannskap: Rita og Kjetil Teigland + KMØ
Seglføring: K 25
Løp: Pylsebane: start - lo merke utanfor moloen i Våge - le merke utanfor Gjerslingane
Vind: Sør 3-5 dreiande vest 4-7 m/s

Ny dag - nye sjansar. Startpokal i fyrste start. Med andre ord grunn til å vera på offensiven. Igjen får me ein bra start dersom ein reknar ut i frå startlinja som ligg utpå. Opp mot fyrste merke gjer me eit lurt slag og brått er me fyrst rundt merket.

Men startlinja tel ikkje - det som derimot tel er ein siktestake langt inne på altanen på Njordstø. Heile klassen har tjuvstarta og på land vert det skote flittig med hagla. Men me ser ingen flagg og vert berre forvirra av all skytinga. Og sidan me ligg fyrst ser me ikkje nokon grunn til å avbryta løpet. Tabbe! Ein etter ein gjer dei andre seg og gjer seg klar for ny start. Me forstår alvoret for seint og kjem dermed altfor seint til starten og er difor ikkje med i løpet i det heile tatt. Det heile er svæææææært ergelig og dei to rundane rundt vert nokså meiningslause for vår del. Me klarar å ta igjen Pjalle som seglar med 8-kvm. segl i dag og det er det heile. At vinden dreiar bortimot 180 grader i løpet av ein legg er også eit kapittel for seg. Byrjinga av lenseleggen går føre seg som den skal med vinden bak og spilinga ute. Men etter kvart vert vinden meir tvers og dei siste 100 metrane ned mot merket må ein strame inn skjøtet for full kryss. Ute ved Gjerslingane er det nemleg rein vestavind - faktisk litt på nordvest også. Dersom ein seglar i stor bananboge innover mot Njordstø så har ein brukbar vind heile vegen. Alt anna enn slik ein pylsebane skal vera! Og ergringa vert total når ein tek med den startlinja som det ikkje er råd å retta seg etter. I mål er me nr. 5 og nokså misnøgde.


Sundag 16. juni - 2. løp
Mannskap: Rita og Kjetil Teigland + KMØ
Seglføring: K 25
Løp: Pylsebane: start - lo merke utanfor moloen i Våge - le merke utanfor Gjerslingane
Vind: Sør 3-5 dreiande vest 4-7 m/s

Samme startlinja, samme idiotiske vinden. Nok ein bra start hjelper lite når vinden brått kjem til dei andre og ikkje til oss. Halvvegs til merket var me fyrst, men så får Jo og Sjanse eit vindgrel og kjem seg rundt før oss. Dei kostar av gårde og er langt føre oss før me kjem oss rundt. Me satsar på eit litt anna vegval i håp om at det skal betala seg, men det hjelper ikkje - avstanden held seg. På "kryssen" opp att er det berre snakk om å segla ein vid bue inn til Njordstø og så står ein merket. Det samme gjentek seg på den neste runden. Einaste som kan vera verdt å nemna her er at me hadde båten på plan og fart på godt over 10 knop! Rått! Og sjølv med ein rigg som står elendig så funkar det heile - båten går som eit uvêr og lettar seg i sjøen. Fantastisk fartskjensle. Dritgøy! I mål vert me nr. 3 etter Jo som vinn og Sjanse som vert nr. 2.

Samanlagt vert me nr. 5 og det er sjølvsagt alt anna enn godt nok. Ergelig at ymse ting går i mot, men me fekk vist at me er å rekna med: me var trass alt i leiinga i samtlege seglasar - sjølv om me aldri klarte å gå i mål som fyrste båt.

Ombord i båten så fungerer det ikkje så bra med dei blokkjene som er på fokkeskjøtet no, dette må fiksast før Austevoll-regattaen. Lensebardunane må også stramast med varsemd. Dei skal ikkje vera så pinnstrame, om dei er det så låser dei seg. Elles fungerte båten brukande, den er nokså tett i forhold til i fjor sjølv om det framleis må ausast stadig vekk. Den nye ordninga med cunningham, bomnedhal og bomuthal på mastetofta fungerar svært bra. Strikket som skal dra bomuthalet tilbake igjen når det vert slakka på var for stramt og me fekk ikkje testa dette skikkeleg, men det er bere snakk om små justeringar på dette så trur eg det funkar.

Største problemet denne helga var at masta logga framover og dette gjorde store utslag på høgd og fart.

Summa summarum: brukbar båtfart og bra starting, men fatale feil fører til dårleg samanlagt plassering.

Sesongen 2001
Krinsmeisterskap RAN
Hjeltefjorden – Hauglandsosen
Laurdag 25. august - 1. løp
Mannskap: Vegard Aslaksen, Lars Grøteide og KMØ
Seglføring: K 25
Løp: Olympisk bane, Napoli
Vind: Sør-sørvest 6-10 m/s

I fyrste starten vert det generell tilbakekalling grunna tjuvstarting. Neste forsøk vert ikkje så bra for vår del. Nokonlunde til styrbord, men seine (10-15 sek.) på linja trass fri vind og bra fart i båten. Me står litt på styrbord og Sjanse kjem til lo for oss. Me pressar full høgde og tvingar den til å gå nedom. Bra jobba! Oppover slår me brukande og leiar opp til kryssmerket. Virkar som om det er bra fart i båten. På sløren held stillinga og avstanden seg. Me jibbar sånn passe. Er eit stykkje frå merket og rotar litt med spilinga før den er på plass igjen. Nedover mot lensemerket held stillinga seg med Sjanse omlag 25-30 sekund bakom. Me rundar betre på lensemerket og teitar inn det meste for full kryss med 3 mann på ripa. No er jobben å halda stillinga og me slår når Sjanse slår. Når me skal stå opp merket er me heldige og står akkurat av di me får oppstikkarar på slutten. Fine greier! Etter merket jibbar me straks av ein eller annan grunn. Katastrofe! Me tapar fart og snart er Sjanse forbi. Ny jibb tilbake på styrbord der me skjærer litt til for å få fart. No er det klart at me tapar heile tida. Me får litt panikk av å tapa forspranget så lett og gjer mykje kluss. Brått er me på defensiven og når me kjem oss rundt merket startar me ein slagserie der me klarar å halda avstanden på fyrste halvdel, men når me nærmar oss mål tapar me meir og avstanden fram til Sjanse aukar. Ergelig å tapa løpet på tull og rot, men slik gjekk det altså.

Laurdag 25. august - 2. løp
Mannskap: Vegard Aslaksen, Lars Grøteide og KMØ
Seglføring: K 25
Løp: Olympisk bane, Napoli
Vind: Sør-sørvest 6-10 m/s

Denne starten er me litt seine i. Sjanse får stikka litt for fritt i le og me maktar ikkje halda høgda og farten. Avstanden aukar snart og me ligg på ein trygg andre plass. Det vegvalet me gjer betrar ikkje mykje på stoda og oppe ved kryssmerket ligg me omlag 30 sekund etter. Sløren endrar heller ikkje på det, snarare tvert i mot. Det bles ganske friskt og Sjanse har nok ein fordel i bølgjene i og med at båten er noko større enn Ola Dilt. Gode rundingar på sløre- og lensemerket gjer at me har nærma oss litt når me skjærer til på andre kryss. Men trass i raskare slag klarar me ikkje nærma oss noko særskilt. Oppe ved kryssmerket er avstanden den samme som førre gong me var der. Den neste runden endrar heller ikkje stort på dette og Sjanse vinn og me vert nr. 2 langt føre dei neste båtane. Surt å tapa utan å vera med i løpet i det heile, surt i det heile då det regnar verre enn i dusjen!

No må me vinna dei to siste løpa for å halda vinnarhåpet varmt. I denne seglasen knekk styrbord lensebardunskinna og laurdagskvelden går med til å snu den slik at knekken kjem framme der det ikkje er press på den. Under dette arbeidet vert det klart at styrbord ripa er svært skral og eigentleg lyt skiftast. Altid noko som går gale når me seglar regatta...

Sundag 25. august - 1. løp
Mannskap: Vegard Aslaksen, Lars Grøteide og KMØ
Seglføring: K 25
Løp: Olympisk bane, Napoli
Vind: Nordaust 0-1 m/s dreiande til norvest 3 m/s.

Litt venting flør start fører berre til at me startar i enda mindre vind enn då me skulle starta. Linja ligg med enorm babord fordel. Me kjem bakfrå med fart i båten. Jo ligg nærast linja, men me sig greitt i frå både den og dei andre for babord halsar. Faktisk går me klart snøggast og fliser dei andre på høgde og fart, enda me berre prioriterar det siste. Me satsar på å gjera 3 slag før kryssmerket. Kanskje i meste laget i så lite vind. Det endar me at me lyt ta 5 av di straumen fører oss ned mot merket. Faktisk så er ikkje avstanden meir enn 20-30 cm på det verste. Men det går greitt og me kjem oss over på "sløren". Ein slør som grunna at vinden har kantra på nordvest er ein kryss. Nedover mot sløremerket kjem avkortingsignalet for snipene og forsåvidt for oss også. Me lyt gjera eit par slag før me kjem rundt merket, men då kjem det vind og me får den fyrst av alle! Avstanden attende til Sjanse aukar og me går bra. Me er nesten rundt lensemerket før dei kjem seg rundt sløremerket. Og "kryssen" vert nesten ein lens! Spilinga er ute og me skal gå i mål av di dei avkortar. Mot mål frisknar vinden litt og me kjem enkelt og greitt fyrst i mål. Dermed er det klart for finale der me lyt vinna det siste løpet også for å hala det heile i hamn.

Sundag 26. august - 2. løp
Mannskap: Vegard Aslaksen, Lars Grøteide og KMØ
Seglføring: K 25
Løp: Olympisk bane, Napoli
Vind: Nordvest 5-6 m/s


Like før start slepp me oss nedom Sjanse og passerar den i le. Den svarar med å sleppa seg nedom oss og komma slørande bak oss og seglar tilslutt i rorkulten vår i det den etablerar overlapp og lenge før den har noko som helst krav på lofferett. Overlappen vart etablert i det dunket i roret kom. Dei protesterar på at me ikkje viker, me protesterar på at dei køyrer i oss. Me har lite fart i båten over startlinja og står vel 70-80 meter før me slår. Denne kryssen har me planlagd i detalj og me følgjer planen. Dette tener me stort på og me leiar. Etter totalt 4 slag på kryssen står me opp kryssmerket nett så vidt. Avstanden til Sjanse er vel 30-35 sek. På sløren held avstanden seg, medan me auser båt for harde livet. Båten lek som ein sil og har strengt tatt ingenting utpå fjorden å gjera! Dette må ordnast før båten seglar om kapp igjen! Når me nærmar oss lensemerket har Sjanse teke litt innpå. Me vert uroa av ei snipe som kjem og krev plass til runding. Tapar ein del i rundinga og kjem dårleg ut på kryssen. Oppover slår me på Sjanse og me passerar vel 10-15 sekund føre oppover. Når det nærmar seg merket har avstanden skrumpa inn og det nærmar seg styrbord/babord. Me må vika for ein optimist og tapar litt på det. Det neste som skjer er at me akkurat ikkje står opp merket og må gjera to ekstra slag slik at Sjanse får segla forbi i le av oss i det me er i ferd med å gjera det siste slaget. Me heng oss på og skjærer kraftig til på lensen. I byrjinga ser det ut som om det lukkast og me nærmar oss. Avstanden er 50-60 meter på fjorden, men neppe meir enn 8-10 sekund på klokka. Nedover mot lensemerket lyt me jibba 2 gongar og i rundinga me freistar å skjæra oppom Sjanse forå peika høgare på krysssen. Siste kryssen vert ein kanonade med slag. Me gjer sikkert 10 slag, ein del av dei ganske gode. Tilslutt kjem me oss fri frå Sjanse og har vår eigen vind. Sjølvsagt kjem ikkje vindkantringane vår veg og me tapar litt i høve til Sjanse, faktisk er det gått så mykje tid at me lyt ei stund passa oss litt for Jo, men me slår på topp og godt framom den slik at me kjem i mål som nr. 2 omlag 40 sekund etter Sjanse. Bittert å kasta vekk leiinga nok ein gong, men me passerte jo mål med raudt flagg oppe og me meinte me hadde ein god sak i protesthøyringa etterpå.

Lars skriv protesten og KMØ går inn og forklarar seg. Me legg vekt på at Sjanse er innhentande båt og at den ikkje har krav på at me skal vika i det den dunkar i oss. Me får medhald og Sjanse vert diska i siste løpet. Regelen som juryen brukte var 16.1 som seier at ein skal gje ein båt som skal vika tilstrekkjeleg med tid før ein gjer krav på at båten skal vika.

Dermed var gullet vårt av di ved poenglikskap i KM skal den som vinn den siste regattaen vinna samanlagt. Stor stemning og stor stas. Men med ein liten bismak både av di det ikkje er så kjekt å vinna grunna innsatsen på protestmøtet, men ikkje minst grunna dei to løpa der me tapar leiinga halvvegs i løpet. Men samla sett har me vore den båten som var mest i leiinga og slikt sett den som kanskje mest fortente å vinna. Men jamnt og spanande var det og spanande vert det sikkert når me møter Sjanse ved eit anna høve.

Cutty Sark-regatta
28. juli 2001 på Byfjorden
Laurdag 28. juli
Mannskap: Vegard Aslaksen, Polakk 1, Polakk 2, KMØ
Seglføring: K 25
Løp: Start - 2b - mål
Vind: Nordvest 0-2 m/s

Ein brukbar start med med fart i båten med styrbord bøye. Går bra utover og slår føre ein 20-kvm. båt. Merkar etterkvart at 4 mann ombord i båten gjer den tregare å slå og farten er ikkje som den skal vera. Slit i tillegg med at båten lek grunna 5 saumar som er i ferd med å sleppa i bakskuten. Mykje vatn ombord. Dei fyrste 2 slaga er svært godt tima, medan det terdje kjem for seint og me kjem inn i lite vind medan dei andre båtane går godt inne Nordnes. Vidare oppover mot kryssmerket slår me brukande, men vinden minkar og me har tapt i høve til dei båtane som valde babord banehalvdel. Me kjem som nr. 3 rundt merke. Nr. 3 vil seia faktisk plassering på korrigert tid. På lensen nedover mot mål går det seint, men me skjer litt til innover mot Skoltegrunnskaien og får litt meir fart. Deretter jibbar me og skjer over mot babord målbøye. Men det er ikkje godt nok til å ta igjen forspranget til Pjalle som vinn 12 sekund føre Rex på korrigert tid. Me vert nr. 3 eit lite stykke bak dette. Men fyrste halvdel av kryssen var me i teten både på respitten, men også i faktisk segling på fjorden.

Laurdag 28. juli
Mannskap: Vegard Aslaksen, Sandra, Anja og KMØ
Seglføring: K 25
Løp: Start - 2b - mål
Vind: Nordvest 2-4 m/s

Nok ein brukande start med god fart i båten og litt meir vind denne gongen. Like etter startskotet kjem me i styrbord/babord med Rex, men sidan me har styrbord må dei vika etter at me har skreke "Styrbord!" både høgt og lenge. Etter 2 minutt slår me og står nordover. Dette tener me på og me leiar eit godt stykke føre Rex. Utruleg nok sidan den har eit seglareal som er det dobbelte av vårt. Etter litt segling med god fart i båten og 2 halvbra slag seinare er det på ny dukka for styrbord/babord med Rex. Denne gongen viker han ikkje. I staden gjer han eit perfekt leslag og me kjem i fisen. Akkurat då stod me så vidt opp merket og me hadde vore fyrst kring det om berre Rex hadde stått vikt for oss og stått 10 meter til. Men den gang ei! Me kjem i fisen og tapar høgde og fart. I tillegg er vinden slem med oss og kantrar feil veg i det me skal slå. Her tapar me mykje og vert forbiseilt av Skum like før merket. Men me legg oss nett bakom og stel vinden til Skum. Så føl me samme taktikk som på førre lens med å skjera til innover mot Skoltegrunnskaien og deretter jibba over og gå for det målmerket til babord. Denne gongen lønner det seg mykje og me kjem framom Skum. Faktisk slår me den med borti 40 sekund i mål og det er godt gjort på ein lenselegg som ikkje varte i meir enn 8-10 minutt. Skum er jo trass alt ein båt med 20-kvm-seglføring. I denne seglasen vert me nr. 2 omlag 12 sekund etter Rex på korrigert tid. Altså tapte me sigeren ved det leslaget som skjedde oppe ved merket.

Summa Summarum:
Positivt:
Gode startar
Mange godt tima slag
God taktikk på lens
Negativt:
Står for langt enkelte gongar
Må pina rundt merket
Er lite vaken på kva dei andre gjer

Sommarregatta Milde
30. juni-1. juli 2001 Fanafjorden/Korsfjorden
Laurdag 30. juni
Mannskap: Lars Grøteide, Svein Ivar Angell og KMØ
Seglføring: L 14 storsegl + K 8 fokke
Løp: Faste merker: Start- 4b - 2b - 1b - 3b - 2b - 4b - 1b - Mål(løpet vart avkorta og me vart tekne i mål ved merke 2 andre gong me kom der)
Vind: Sør-sørvest 8-10 m/s

Det bles friskt. Litt mykje etter vår smak. Me er feige når me riggar opp og vel det vesle storseglet. Det viser seg at det vart for lite nokre gonger når vinden spakna i nokre augneblink og dermed hadde me for lite seglareal og det tapte me litt på. Før start er me ein tur utpå og gjer nykommar Svein Ivar ei innføring i kva det vil seia å hengja på ripa samt å slakka i storen. Etter det skal me inn i stilla i innløpet til Mildvågen for å senka storseglet litt på masta. Me trur då at det er 6-7 minutt til vår start. Men her har skipperen blingsa kraftig då han leste seglingsvedtektene. Starten vår går i det me nett har peika baugen utover igjen mot Mildeskjæret. Dermed er det berre å segla for fullt. Me startar saman med L-klassen og det går ikkje lange tida før me er til lo av dei. Det viser kor mykje det arealet i fokka har å seie. Kaato ligg langt føre utover mot merke 4. Men me gir ikkje vekk noko særskilt meir enn det me tapte i starten! Det må vera godkjent på ein kryss der me verkeleg slit for å halda båten på rett kjøl. Storseglskjøtet går inn og ut og båten vinglar og me manglar fullstendig fart i båten. Men me tek ei høgde av ein annan verden. VM i pining! Vel rundt merket går spilinga greitt ut og Lars set i gong prosjekt ausing. Vatnet kjem inn både over ripa, men også gjennom bordgangane. Ingen tvil om at me tapar mykje på dette. Til vinteren må båten tettast! Nedover mot Grønevika og merke 2 held avstanden seg. Me har ein halsbrekkande jibb der me tek inn ein del vatn før me kjem omlag rett på merket. Me må tvinga baugen nedanfor og får med det ei elendig runding som me tapar mykje på. Vel rundt og klare på kryssen igjen freistar me å slå relativt raskt. Me ser at Kaato slår på oss uansett kva me gjer og me innser at dette skal dei sikra inn. Feige greier! Ser ikkje ut til at dei slit i det heile. I motsetnad til oss. Sjøane kjem stadig over ripa og farten er totalt fråverande. Men me piner oss oppover medan me heng det me er gode for. Me skal berre til merke 1 og står nesten det for babord då me ser at K2 si fokke er noko feilplassert. Det ser ut til at dei har trøbbel. Men dei held fram, rett nok tek dei med svært lite høgde. Me grip sjansen og seglar innpå dei in del før merket. Då me skal runde heldt me på å kløyva ein optimistjolle i to i hekken. Jenta oppi kan ikkje ha sett oss i det heile tatt. Rormannen vart litt forvirra oppi det heile, men det gjekk bra. Neste merke er 3-aren på Rød og det vert ein kvass slør. Men før me får farten opp ser me at K2 gjer seg og seglar inn. Truleg er det utstyrssvikt. Dermed forsvinn alt av spaning og me går over til å sikra litt meir. På sløren auser me samstundes som me oppnår dagens høgaste fart. Truleg godt over 7 knop! Bortover mot Rød stilnar det litt før vinden kjem att like før merket. Typisk nok når me skal jibba. Men denne gongen går det greitt og me rundar kjempebra! Klin i merket og med spilinga ute med ein gong. Veldig bra! Nedover mot Grønevika vert det meir og meir platt lens. Me stramar lensebardunen litt i meste laget så masta står dårleg. Men fartsmessig har ikkje det noko å seie. Når merket nærmar seg ser me at Mildeskrekken ligg der og har heist ei flaggborg. Avkorting og målgang her! For oss er det greitt nok sidan me ikkje har så mykje meir å segla for. Men løpet varte mindre enn ein time og det er lite! Inne på land ventar K2 sitt mannskap med eit salingshornbeslag som har gått sund. Synd, men det er ein del av gamet. Tvilsomt om me hadde nådd dei att i dag. Men det me tapte var stort sett i starten, resten av løpet heldt me avstanden sånn omtrent. På resultattavla får me ei hyggjeleg overrasking då me ser at me ligg som nr. 2 over all på ein pokal.

Sundag 1. juli
Mannskap: Lars Grøteide, Svein Ivar Angell og KMØ
Seglføring: K 25
Løp: Faste merker: Start - 1b - 5b - 4b - 5s - 1b - Mål
Vind: Dreiande frå vest til nord 2-7 m/s

På starten klumpar det seg og me vert liggjande i le av Pjalle 2. Ikkje mykje fart i det skotet går, men 10 meter etter linja kjem me framom og sig greitt i frå. Utover Fanafjorden rår uvissa om korleis ein skal segla rundt merke 1. Det er tydeleg at det er ein trykkfeil i løpsskildringa, og at det skulle vore styrbord runding. Men me må segla det løpet som står og der skal merket rundast om babord. Fleire tolkningar vert lufta. Men me vel tilslutt å laga sløyfe og gå ned og jibba rundt det merket. K2 gjer ikkje det. Me set opp protestflagg, men då K2 er langt nedover fjorden har det lite for seg å gaule "Protest!" Men ved neste situasjon der me er nær nok peikar Lars på flagget og seier "Dettte her gjeld dykk!" Kjell Magnus seier: "Me protesterer!" Dermed meiner me at me har oppfulgt kravet om å underretta den båten som me protesterer på. Etter merkerundinga går Kaato langt framom oss og me har tapt på å runda i høve til den båten som ikkje rundar. Men me får fart i båten og går eit lite stykke før me slår når me er over K2. Det viser seg å vera eit lurt slag og snart er me først igjen. Men så går det sakte igjen. Båten stoppar opp og me tapar nok eing gong til K2. Virkar som om båten berre vil gå på styrbord. Me fell litt og freistar å hente fart, men får ingen ting. Det kjem seg ikkje før me slår over på styrbord igjen. Då får me både oppstikkarar og fart! Snart er me langt føre igjen. Utover mot merke 5 frisknar vinden og me gjer eit fint slag på ein vindkantring som me tener grovt på i høve til K2. Me står akkurat fint opp til merket og dei overstår noko. Me rundar fyrst omlag 30-40 sekund før K2. På lensen nedover skjer det lite. K2 dreg litt innpå på slikt vis som er vanleg på lensar med at dei bakerste båtane oftast får vindråsene fyrst. No drøftar me om me skal gjera to kjappe slag og slå på topp av dei heile tida, men me droppar det av di me har for liten leiing. På lensen har den skrumpa inn til 20-25 sekund. Men me rundar bra og står høgare enn dei etter merket. Også no gjentek det seg med at båten berre vil gå fort på styrbord. Men no står me mesteparten av kryssleggen for styrbords halsar og får fin fart utover når vinden verekeleg har friskna. 3 mann på ripa og full henging! Nokre skvettar kjem, men no har Svein Ivar fått meir dreisen på kor mykje som skal slakkast med skjøtet. Med svært stor høgd og god fart går det fort utover mot merke 5 igjen. Me slår på babord og ser at K2 ikkje er så langt unna. Me passerar vel 20 meter før dei og slår på topp av dei. Her viser me kva det vil seia å segla høgt. Med same fart som K2 kryp me oppover fjorden i høve til dei. Og snart er avstanden vorte stor. Me kjem akkurat opptil merket nok ein gong og slår akkurat rundt det. På sløren innover set me spiling. Men altfor langt ute i byjinga. Lars auser det han klarar og me er nesten inne på neset før båten er tom igjen, og det er ikkje Lars som auser seint... Heilt klart for mykje vatn i båten! Men no får me orden på spilinga og sig litt i frå K2. Innover mot merke 1 som er det siste merket som skal rundast før me skal i mål har me teke spilinga inn då vinden vert skarpare jo lenger inn i Fanafjorden me kjem. Ei god runding før me stramar til og kryssar mot mål. Alt ser vel og bra ut med K2 langt nede i le. Dei står imidlertid mykje lenger enn oss og like før mål kjem me i styrbord/babord-situashon med dei. Før me veit ordet av det har me gitt vekk heile sigeren. Lokalkjennskapen lurte oss med 1 sekund! Dette burde me ha vit til å forstå. I slike situasjonar SKAL ein sikre den andre båten.

Summa Summarum:
Positivt: Brukande båtfart båe dagar når ein tek visse ting med i vurderinga. Mange gode sisteslag før merket slik at me akkurat står opp. Enkelte gode rundingar. Me vinn samanlagt i K-klassen.
Negativt: Dårleg rigging gjer at båten går ulikt på halsane. Soving i startane. Tankeløyse på slutten på sundagen.


Austevollsregatta - Austevoll Seilforening
24. –25. juni 2001 på Storebø/Hundvåkosen
Laurdag 24. juni
Mannskap: Øyvind Gjøvåg, Trond Tvedt og KMØ
Seglføring: K 25 storsegl + K 8 fokke
Løp: Storebø - stake1 - holme - fyr - stake1 - holme - stake2 - Storebø
Vind: Skiftande mellom sør og vest 2-5 m/s

Etter hektisk telefonering dagen før er det omsider klart for at Ola Dilt skal få tevla med det originale K-seglnummeret sitt. Øyvind er postbod med spanande pakke frå seglmakar Iversen. K 25 vert i all hast klistra på storseglet saman med lus på kaien laurdags føremiddag. Litt syting og klaging vert det då seglet kjem på masta og det viser seg at det er sokalla loose-fotted dvs. at det ikkje skal treast på bommen. Men vel utpå skal den detaljen visa seg å vera ganske så smart. Starten på faste merker på Austevoll har aldri vore enkel. Det er sjeldan noko side av linja utmerkjar seg med klare fordelar. I den fyrste starten er me omlag midt på linja, litt i le av Pjalle og Jo. Dette syner seg å vera å vera ein brukbar posisjon. Alle 3 båtane kryssar linja ganske likt. Fyrste merke er den frykta staken med den skumle flua og med langt løp med mange rundingar er det ikkje få spørsmål kartlesar Øyvind får om det er babord eller styrbord runding. Men det går bra. Alle merkene vert runda på korrekt vis. Utover mot stake 1 aukar me jamnt på Jo som ligg nærast. Etter ei runding der me tapar mykje grunna sviktande lokalkjennskap til undervasstilhøva er me klar for sløring til neste merke som er ein holme. Der får me sjå eit fantastisk syn: Mot oss kjem omlag 15 oselvarar på skarp slør breitt utover. Bakom dei reiser ein kvit vegg av skodde seg. Omlag som tatt ut av ein film, spør du meg. Men me har ikkje tid til å studera dette synet så lenge. Der me forventa ei stilla grunna ein holme er me heldige og får vind heile vegen. For styrbords halsar og med stor fart fossar me gjennom feltet og mottar spørsmål om kva vind me seglar på! Jo klarar ikkje det og vert liggjande i ro ei stund. Nedover mot holmen held me god høgd, men må gjera to slag for å stå rundt. Etter holmen skal me rundt eit nes og runda ei fyrlykt. Der tabbar stotr me ved å segla for nære land slik at me kjem inn i vindskuggen. Jo seglar lengre ute slik at den har vind. Men nok ein gong vert det ikkje så lenge me ligg i ro. Rundt neset er det fin vind og me stikk i frå nok ein gong. Har god båtfart oppover her og gjer ei brukbar runding. Spilinga kjem raskt opp og me pressar båten på nasa på lensen. Nok ein etappe der me aukar leiinga som no er på over 4 minutt. Nede ved stake 1 vågar me heller ikkje denne gongen å utfordra skjebnen ved å gå i den renna som visstnok skal vera heilt inne ved denne staken. Denne gongen tapar me nok mindre på det enn ved førre runding. På sløren som etterkvart vert til ein kryss nedover mot holmen seglar me fort, til tider 3 mann på ripa og heilt bein båt! Mellom anna fossar me forbi ein spriseglar i le! Nok ei runding av holmen vert unnagjort, denne gongen betre enn førre grunna betre vind rundt. Då har me berre ein stake igjen før mål. Den rundar me før Jo rundar holmen og leiinga no er på over 10 minutt. Den siste rundinga vert klassisk Oselvar-feil. Går for rett på med baugen og hamnar langt nedfor grunna svingradiusen. Men det gjer ikkje så mykje. Me har sigeren allereie i boks no. Innover mot mål freistar me kortaste veg langs land. Med spilinga ute og ikkje all verdas med vind viser det seg å ikkje vera så lurt. Dessutan held me på å gå på grunn. Men me kjem oss i mål 13,5 minut før Jo og det er bra når me berre har segla i 1 t og 36 minutt.

Laurdag 24. juni
Mannskap: Øyvind Gjøvåg, Trond Tvedt og KMØ
Seglføring: K 25 storsegl + K 8 fokke
Løp: Storebø - stake2 - fyr - holme - stake2 - Storebø
Vind: Skiftande mellom sør og vest 2-5 m/s


Det er startpokal i denne starten. Me prøver oss og har ein god start på 6 sekund med god fart i båten. Me ligg lengst til le av båtane. Me får ikkje startpokalen, men har god fart og det same som i fyrste løpet gjentek seg. Me fartar godt på ein skarp slør utover mot staken og rundar eit godt stykke før Jo. Ved dennes staken misoppfattar rormannen kvar me skal og me tapar nokre meter på det. Men snart er me på offensiven igjen. Kryssar godt forbi sundet utover mot fyret og gjer gode slag. Farten i båten er det og det nye storseglet står heilt perfekt. Heilt klart mykje betre fart i det enn i K8! Det er enkelt å flate det når det kjem litt vind. Merket nærmar seg og me kjem 10-15 meter nedfor på styrbord. To kjappe slag der me seglar 4-5 meter for langt på det siste. Unødvendig! Vel rundt skal me ut med spilinga - det går greitt. Rundt neset er me forsiktige med kor nært land me vågar å gå. Likevel vert me liggjande litt i stilla. Jibbar fram og attende og er i det heile ganske forvirra over kvar vinden kjem frå. Men snart kjem me ut i fin vind og holmen nærmar seg. To fine slag og me er rundt. Ein skarp slør opp til holmen igjen no og dagens beste runding er eit faktum. Jibben sit bra og me er akkurat klar når baugen passerar staken. Me går midt på linja og oppnår mykje betre fart enn på førre målgang. Nokre fine vindråser hjelper oss til siger nok ein gong. Denne gongen er me nesten 10 minutt før Jo. Det også er bra på ein seglas som for vår del ikkje varer i meir enn 3 kvarter.

Sundag 25. juni
Mannskap: Øyvind Gjøvåg, Trond Tvedt og KMØ
Seglføring: K 25 storsegl + K 8 fokke
Løp: Pølsebane i Hundvåkosen
Vind: Skiftande mellom vest og nordvest 1-5 m/s

Starten kjem litt brått på oss der me ligg og slappar av. For babords halsar stressar me for å nå opp til styrbord merke då me ser at klokka tikkar for fort og lyt gjera eit slag midt på linja sidan Pjalle og Jo kjem mot oss med styrbords halsar. Nesten utan fart kryssar me linja for tidleg og tjuvstartar. Men me er raskt innom linja igjen og går eit lite stykke for styrbord før me slår babord og det viser seg å vera svært lurt. Me får oppstikkar på oppstikkar og ligg snart langt føre både Pjalle og Jo. Men etterkvart som me kjem nordover byrjar vinden å gå imot og me slår på styrbord. Her merkar me at båten går mykje betre. Kva er det som gjer det? Eit par slag seinare er me ved merket og rundar etter å ha overstått merket med eit par meter. Lensen er keisam for vår del. Vinden kjem og går, me jobbar med å halde båten bein og trimme den på nasa. Fokka står heile vegen og me skjærer litt til for å få tatt jibben ei stund før rundinga. Jibben går relativt greitt og me går mot merket. Inn med spilinga og i det kaoset som er ombord då er me i ferd me å segla for langt. Men me vrenger til og rundar 1,5 meter frå merket. Dette har me eigentleg ikkje råd til! På kryssen har vinden friskna litt og me sit to mann på ripa. Det same gjentek seg med vegval og at båten ikkje vil gå fort på babord halsar. Ved runding av kryssmerket er me heldige og står akkurat merket grunna nokre oppstikkarar og litt pining. Men det er lov! Neste lens vert like keisam som den førre. Leiinga vår no er omlag 7 minutt. Siste merkerunding går bra og på denne kryssen får me båten til å gå også på babord. Årsaka kan nok ha vore at me har styrt for høgt tidlegare. Me seglar bra oppover og får nokre fine oppstikkarar på båe halsar. Det kan me lika. Omlag 10 minutt før Jo kjem me til mål og siger. No har me vunne heile seglasen, men me vil segla det siste løpet også.

Sundag 25. juni
Mannskap: Øyvind Gjøvåg, Trond Tvedt og KMØ
Seglføring: K 25 storsegl + K 8 fokke
Løp: Pølsebane i Hundvåkosen - avkorta etter ein kryss og ein lens
Vind: Nordvest 3-5 m/s

Etter å ha venta i over ein time er me klare til start. Denne gongen kjem alle tre båtane for styrbord og me vert pressa mot merket av Jo samstundes som me pressar Pjalle utanfor. Det fyrste var ikkje tiltenkt medan det andre var etter planen. Etter starten vert me liggjande i fisen til Jo og me slår. Nok ein gong viser det seg å vera lurt. Me får oppstikkarar og fossar avgarde. Når me slår over på styrbord igjen ser det med eitt ut som om Jo har tent grovt på sitt vegval, men me kryssar omlag 100 meter framom. Vidare oppover mot merket gjer me fleire bra slag og tener på alle, oppstikkarar og meir fart. Men det virkar som om det er meir vind oppe ved kryssmerket. I rundinga vert me noko distrahert av gaulande Austevollingar som trur at me ikkje forstår kva eit avkortingsflagg tyder. Vel ute med spilinga er me nervøse for om leiinga vår er stor nok, men nedover lensen klarar me å auke ein god del på Jo og me går i mål over 3 minutt før den. Det må seiast å vera bra på 40 minutts segling.

Summa Summarum:
4 sigrar av 4 moglege. Ikjke all verdas konkurranse. Men me slår dei to L-båtane med store marginar i kvart løp. Båtfarten er jamnt over bra. Båthandsaminga er grei nok, men det er tydeleg at me veit at me vinn. Hadde det vore fleire andre båtar på fjorden kunne me fort fått kjørt oss meir. Det kunne me trengt.

Sumarregatta Båtlaget Njord/Tysnes
16. – 17. juni 2001 på Bjørnafjorden
Laurdag 16. juni
Mannskap: Vegard Aslaksen, Kjetil Teigland og KMØ
Seglføring: K 8
Løp: Njordstø - Lyngøya - Bleikja - Helgasteinen - Lyngøya - Teiglandsflua - Helgasteinen - Njordstø
Vind: Nordleg 2-4 m/s

Skrale greier. Det er vel oppsummeringa. To båtar i klasse K. Glimt og Ola Dilt. Laurdag er det faste merker. Vinden kjem frå nord og er svært svak. Innafor Gjerslingane står det som vanleg vind, men utover fjorden er det lite vind. Etter ein brukbar start for styrbord seglar me ikkje langt nok opp i Vee-landet. Dettte fører til for lite høgde når me nærmar oss Gjerslingane der me forøvrig er nær ved å gå på grunn. Me kjem i fisen bakom Glimt som me har leia på i byrjinga. Utanfor GJerslingane gjer me eit slag for å få fri vind. Dette tapar me stort på og me ligg langt etter Glimt. Faktisk så slit me med å komma oss framom dei fremste av spribåtane utover mot Lyngøya. Der ute frisknar vinden og me får litt meir fart i båten. Tek litt innpå Glimt men er omlag eit minutt bak ved runding. På sløren/lensen innover til Godøysund tek me godt innpå og rundar mindre enn 20 sekund bak Glimt. Klart betre båtfart her. Etter den rundinga var det nokså skarp slør bort til Helgasteinen der me også knip litt innpå. Igjen betre båtfart. På rundinga er me mindre enn 10 sekund bak Glimt. Men då staken på Helgasteinen er runda slår Glimt utover mot nord. Me vel å gå vestover og i le av Helgasteinen. Terorien bak det er at der er det meir vind. Tabbe!!! Ingen vind og Glilmt fossar avgårde utover mot Rundaskjæret. Det var her løpet vart avgjort. Ute ved merket på Lyngøya er me over 3 minutt bak og det er lite håp. Men me lensar i veg mot Teiglandsflua og jibbar bra ved merket der. Også kring staken på Helgasteinen går jibben greitt. Innover mot mål er det lite ein kan gjera, men me klarar å ta inn nesten eit minutt frå Lyngøya og til mål slik at me hamnar to minutt bak i mål. Alt i alt virkar båtfarten å ver der. men i lite vind er me ikkje flinke nok til å lesa fjorden. Der tapar me mot ringrevane på +60.

Sundag 17. juni
Mannskap: Vegard Aslaksen, Kjetil Teigland og KMØ
Seglføring: K 8
Løp: Pylsebane: Njordstø - Gjerslingane - Ferjekaien - Gjerslingane - Ferjekaien - Njordstø
Vind: Nordleg 2-3 m/s

Sundag 1. seilas i Våge = startpokal. For tredje gong på 5 år sikrar me den. Ein god vane! Løpet vidare utviklar heller dårleg. Rask over linja vart til i stilla oppunder Tor Inge Malkenes sitt naust. Glimt står austover og får vind. Me er allereie langt etter. Nokre slag seinare kjem me mot merket. Men vinden kantrar på trynet og me rek mot fyret. Glimt har derimot flaks og kan slå rundt blåsa. Når me kjem for styrbord halsar rek me nedpå merket og må ta 360. Men dumme oss tek 720 i staden. Tabbe! På lensen nedover er det lite vind og det går seint. Avstanden fram til Glimt held seg. Me rundar omsider lensemerket og går laus på ein ny kryss. Denne går omtrent like dårleg med tanke på vegval, men båtfarten betrar seg litt. Og på neste lens er me i konflikt med ein pøbeloptimistjolle. Her skal me eigentleg ta ein 720, men tøffe som me er drit me i det og seglar vidare. Ingen skade skjedd og me fullfører som nr. 2. Ikkje mykje å ropa hurra for, men me har eit nytt løp å revansjera oss på.

Sundag 17. juni
Mannskap: Vegard Aslaksen, Kjetil Teigland og KMØ
Seglføring: K 8
Løp: Pylsebane: Njordstø - Gjerslingane - Ferjekaien - Gjerslingane - Ferjekaien - Njordstø
Vind: Nordleg 2-5 m/s

Fyrst over linja for styrbord. Har god fart i båten og gjer gode slag opp mot kryssmerket. Kjem opp mot merket for babord og skal slå rundt merket. Men seglar 1,5 meter for langt slik at Glimt får ei luke den kan smette inn i og etablera ein overlapp. Dumme rormann Kjell trur Glimt har lofferett. På lensen med spilinga ute og Glimt sin spilbom mellom vant og lensebardun drar han i roret slik at det vert kollisjon. Ny 720 og banning. Løpet er tapt. Ergelig av di den fyrste kryssen var såpass bra. Etter eit par snurringar går det mot merkepassering av lensemerket. Her vert kløpet avkorta og me skal gå i mål etter berre ein runde i staden for 2. Me går for ein ny kryss og har spriseglarane Seira og Magrete nedanfor oss. Alle 3 båtane har babord halsar. Brått slår Seira, men me sig framom. Dei må uansett ha vind i storseglet før dei har nokon rettar. Det går greitt, men bakom der var jo Magrete som også slår. Det vert verre og mykje høglytt Austevollsbanning vert resultatet i tillegg til kollisjon og nok ein 720. Etter at 2 jibbar og 2 slag er gjennomført er Glimt omtrent i mål og me må kava på for å i det heile teke slå Pjalle og Jo som har 2 kvm. mindre seglflate enn oss. Men det ergelige er at løpet vert avkorta då me trur at me skulle teke inn att forspranget til Glimt om me fekk ein runde til å segla. Uansett - ein dag med 2 x 720 og 1 x 360 + 1 x 720 som me skulka unna er ikkje all verda å skriva i loggboka om. Båtfarten er der, men når alt det andre sviktar virkar det fjernt å kunne oppnå resultat.