• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Nytt frå 2009

 

Nyhende frå arbeidet med Norwegian Steam-prosjektet i 2009.



4. april 2009: Filming ombord på Mathilde



4. april 2009 vart det gjort opptak ombord til dokumentarfilmen Med Norwegian Steam i America's Cup på Hardangerjakta Mathilde. Opptaka vart gjort på Sletta i 8 m/s frå sør og skodde. Med andre ord svært realistiske tilhøve for den unge sjømannen som no er reist til sjøss på eiga hand. Det er Håvard Grøteide som spelar rolla som den unge sjømannen.

12. mars 2009: Foredrag på Bergens Sjøfartsmuseum

Omlag 35 personar møtte fram på Kjell Magnus sitt foredrag på Bergen Sjøfartsmuseum torsdag 12. mars 2009. I fylgje undervisningsleiaren til museet er dette omlag dobbelt så mange som normalt på torsdagsforedraga.

Forhåndsinformasjon:
Torsdag 12. mars kl. 1900 held Kjell Magnus Økland foredrag om norske sjøfolk som kappseglarar i America´s Cup på Bergen Sjøfartsmuseum.

Denne soga er lite kjend og burde difor ha nasjonal interesse i sjøfartslandet Noreg og internasjonal interesse hjå folk som er oppteken av kappsegling og maritim historie. Under foredraget vert det høve til å kjøpa eit 20-siders særtrykk som inneheld tre artiklar som Kjell Magnus Økland publiserte i Seilmagasinet.

Last ned Bergen Sjøfartsmuseum si pressemelding i pdf-format her.

Les Seilmagasinet sin førehandsomtale her.

Les RadiOS sin førehandsomtale her.



1. mars 2009: www.norwegiansteam.com i ny drakt