• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Bok - norsk utgåve

 

Bok som fortel om norske sjøfolk som kappseglarar i Amerika.



Gavebok på 200-250 sider. Denne boka fortel i detalj om nordmennene sin bakgrunn og kva erfaringar dei hadde skaffa seg før dei drog over Atlanteren der dei dei arbeidde seg opp til å kjempa om America’s Cup. Boka vil verta rikt illustrert av fotografi som tidlegare ikkje har vore offentliggjorte – sjøfolka sine eigne fotografi frå kvardagen om bord på dei store seglbåtane. Boka vil ha rom for dei gode historiane som livet som seglar førte med seg.

Vidare vil boka ta for seg dei samfunnsmessige føresetnadane som ligg bak. Kva skjedde i Noreg som gjorde det mogleg å ”utdanna” seg til å bli så flinke sjøfolk? Var det tilfeldig at det var nettopp nordmenn som fekk sjansen? Korleis greip sjøfolka sjansen og opptredde som entreprenørar i systemet? Arbeidsgjevarane til sjøfolka var verdas mektigaste industreigarar og folk i den amerikanske regjeringa, med andre ord folk som kunne fått kven som helst til å arbeida for seg. Nokre av dei norske sjøfolka vart endatil omgangsvener med desse. Korleis var det for søner av norske fiskarbønder?