• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Bok - engelsk utgåve

 



Gavebok på 200-250 sider. Denne boka vil fokusera mest på det som skjer med sjøfolka i USA og i America’s Cup. Boka fortel i detalj om America’s Cup frå 1880 til 1940. Korleis kom nordmennene seg ombord på dei store regattabåtane. Vidare ser boka på profesjonaliseringa av America’s Cup og fortel om arbeidsvillkåra for mannskapet og ikkje minst korleis amerikanarane såg på dei, både arbeidsgjevarar og publikum. Fekk dei godt stell sidan dei var så ettertrakta? Korleis var kvardagen og sist, men ikkje minst tar boka ein kikk over gjerdet og ser på motstandarane – dei britiske utfordrarbåtane – korleis var stoda for mannskapa om bord der?