1. desember 2016 vart Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen ført opp på UNESCO si liste over gode vernepraksisar. Nominasjonssøknaden er utforma av Kjell Magnus på oppdrag frå Oselvarverkstaden.
Norge ved Kulturdepartementet nominerte i 2015 Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen til UNESCO-lista «Good Safeguarding Practices» – gode vernepraksisar – etter konvensjonen om immatriell kulturarv. Tiltaket som er nominert har tittelen: «The Oselvar boat – reframing a traditional learning process of building and use to a modern context». Søknaden er utarbeidd av Kjell Magnus på oppdrag frå Oselvarverkstaden og hadde ikkje vore mogleg å realisera utan bakgrunnsarbeidet som er gjort til boka Oselvar - den levande båten.
Til UNESCO’s konvensjon om immatriell kulturarv er det knytt tre ulike lister: «truga kulturuttrykk», «representativ liste» og «gode vernepraksisar». Innanfor sistnemnde er det til no berre teke opp 17 tiltak på verdsbasis og det er denne lista Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen er nominert til.
Lista over gode vernepraksisar er eit oversyn over gode døme på nasjonalt eller overnasjonalt nivå. Målet er å fremja utveksling av og samarbeid om program, prosjekt og aktivitetar som har vist seg å ha god effekt og kan vera førebilete for andre land og lokalsamfunn.
Med immatriell kulturarv vert det her sikta til kulturarv som tradisjon, språk, utøvande kunst, sosiale skikkar, tradisjonell handverkskunnskap og dugleik. Dette til skilnad frå materiell/fysisk kulturarv som til dømes Bryggen i Bergen eller Røros.