• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Innlegg på EMH-konferanse

 



Under European Maritime Heritage sin konferanse i Workum i Nederland 13-14. oktober var Kjell Magnus fyrste innleiar.





I innlegget "Stage prop or actor?" fokuserte han på korleis ein på framtidas maritime festivalar bør la båtar og skip heller vera aktørar snarare enn kulisser i forteljinga om den maritime kulturarven. Kort fortalt var budskapet til Kjell Magnus å aktivisera folk ombord, gjerne utpå! Han var óg innom korleis maritime festivalar kan ta lærdom av seglsporten sine rutinar for aktivitetsplanleggjing.

European Maritime Heritage er ein europeisk nettverksorganisasjon for over 500 maritime festivalar som tilsaman har eit publikum på over 20 millionar. Du kan lesa meir om EMH i dokumentet nedanfor.




Get Adobe Reader Read file
 

Presentasjon av European Maritime Heritage