• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  




Brest Maritime Festival

Kjell Magnus framfor Ola Dilt i Brest. Foto: Lars Mæland, Bladet Sunnhordland.
 

Kjell Magnus framfor Ola Dilt i Brest. Foto: Lars Mæland, Bladet Sunnhordland.

 

I juli 2008 var Kjell Magnus utsendt representant for Oselvarklubben under Brest Maritime Festival i Frankrike - verdas største maritime festival med eit publikum på over 2 millionar. Under festivalen hadde han ulike roller og bidrog med mellom anna dette:



• Heldt foredraget "Oselvar – a traditional boat with a future", ein 45 minutts presentasjon/61 lysbilete på engelsk/fransk under det franske båtbladet Chasse Maree sin rundebordskonferanse. Mellom dei som sat i salen var presidenten til Kroatia, Stjepan Mesić.

• Arrangerte seminaret Safeguarding Intangible Maritime Cultural Heritage
Seminaret tok opp korleis ein kan ta vare på immatriell kulturarv og var ein vesentleg del av Norges Dag under festivalen.

• Skreiv to artiklar for Seilmagasinet:
"Til verdens største maritime festival" finn du her
"Spektakulær fransk utgang på Norges dag" finn du her

• Stilte ut regatta-Oselvaren "Ola Dilt". Det vart òg gjennomført demonstrasjonsseglas med båten.

• Produserte 12-siders faldaren The Oselvar from Norway for Oselvarklubben.



Sjå Brest Maritime Festival si offisielle heimeside her.

Les førehandsomtale i Bergens Tidende her.

Høyr Jan Petter Svendal sitt intervju med Kjell Magnus på RadiOS:


Les førehandsomtale hjå RadiOS her.

Sjå omtale i Bergens Tidende her.

Les omtale og intervju i Bladet Sunnhordland her.

Sjå omtale på nettstaden tysnesingen.no her.

Les Forbundet Kysten sin presselogg her.

Les Forbundet Kysten sin rapport om Brest 2008 her.