|
I januar vart Kjell Magnus tilsett som ny dagleg leiar for Stiftinga Kystsogevekene.
Kystsogevekene er eit samarbeid mellom 22 kystkommunar i Hordaland og Gulen og Hordaland Fylkeskommune.
Stiftinga Kystsogevekene er ei ikkje-næringsdrivande stifting med føremål å stimulere og virke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av årlege Kystsogeveker i Hordaland og Gulen. Bak dei ulike arrangementa står ei stor gruppe lokale eldsjeler som er stolte av eigenart og tradisjonar.
Les meir på www.kystsogevekene.no

|