• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Nytt frå 2006-2008

 

Nyhende frå arbeidet med Norwegian Steam-prosjektet i 2006-2008.



26. november 2008: Særtrykket i sal over disk
Du kan no kjøpa heftet over disk hjå Tysnes Folkeboksamling.

17. juli 2008: Omtale i Bladet Tysnes
Bladet Tysnes publiserer ein artikkel med omtale av ”Maritim Aften”.
Du kan lesa artikkelen her.


15. juli 2008: Sal av 20-siders hefte
No kan du kjøpa det nye heftet med dei tre artiklane frå Seilmagasinet. Heftet er på 20 sider og inneheld tre artiklar:
• 40 år med norsk dominans i America’s Cup
5 siders artikkel om framveksten av fenomenet Norwegian Steam og litt om sjøfolka sin bakgrunn. Seilmagasinet 1/2005.
• Norske sjøfolk erobrar sin plass i America’s Cup
6 siders artikkel om prestasjonane til norske sjøfolk i America’s Cup perioden 1893-1903. Seilmagasinet 2/2005.
• Stordomstida for seglarar i America’s Cup
7 siders artikkel om prestasjonane til norske sjøfolk i America’s Cup i perioden 1914-1937. Seilmagasinet 3/2005.

10. juli 2008: Foredrag under Tysnes-fest
Torsdag 10. juli 2008 kl. 18 vert det ”Maritim aften” i Vonheim. Fyrst fortel Otto Ersland om fine ferjer, deretter vert det soga om Jåttseglarar frå Tysnes i America´s Cup. Kjell Magnus Økland viser bilete og film, foredraget tar for seg soga om regattaen America`s Cup, kva rolle norske sjøfolk og etterkvart tysnesingar spelte i America´s Cup, regattaen i nyare tid og planar om vidare arbeid med soga om Jåttseglarane. Det vert òg sal av det nye særtrykket.

8. juli 2008: Særtrykket klart frå trykkeriet
Ein kasse med 250 eksemplar med ”Soga om The Norwegian Steam” vart i dag henta hjå trykkeriet. Heftet inneheld dei tre artiklane som stod i Seilmagasinet i 2005. Heftet er på 20 A4-sider og prisen vert 150 kr. Eventuelt overskot går uavkorta til vidare arbeid med soga om The Norwegian Steam.


Mai 2008: Omtale i norsk syden-blad II
Artikkelen frå 2007 vert òg prenta i Magasinet Scandinavia som kjem ut på Costa Blanca.

Juni 2007: Omtale i norsk syden-blad
I samband med Americas Cup 2007 har Det Norske Magasinet, som kjem ut på Costa del Sol, ein artikkel med omtale av The Norwegian Steam i juni-utgåva.

Februar 2007: Jazzplate inspirert av Norwegian Steam
Jazzmusikaren Jan Borvo har late seg inspirera av mellom anna dei norske sjøfolka. Kjell Magnus har kome med bidrag til teksten i cd-heftet. Les meir her.