• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Prosjektet = meir enn berre boka


Bokprosjektet handlar om langt meir enn berre det å skriva ei bok.

Kunnskapsprosjekt
– Boka representerer systematisering og tilgjengeleggjering av eit stort kunnskapsfelt
– Tilgjengeleggjering av kunnskap av delar av boka i form av særtrykk/hefter (til dømes er det planlagt at del III av boka, bruksrettleiinga, skal trykkjast som eit eige hefte i etterkant av bokutgjevinga)
– I etterkant av bokutgjevinga vert kjeldematerialet gjort tilgjengeleg i ein offentleg arkivinstitusjon
– Delar av det digitale biletmaterialet vil verta gjort tilgjengeleg på internett i etterkant av bokutgjevinga
– Delar av stoffet i boka er brukt i utstillinga i den nye båthallen til Hordamuseet.

Kunnskapsformidling undervegs
Forfattaren har halde ei rekkje foredrag undervegs
Les meir her

Språkgranskingsprosjekt
– Boka inneheld fyldig ordliste som òg rommar etymologiske forklaringar
– Brukar eldre nemningar knytt til båtbruk og byggjing

Systematiseringsprosjekt og arkivdanning
– Innsamling, registrering og systematisering av over 1500 ulike skriftlege kjelder
– Innsamling av fleire tusen digitale fotografi, mange av desse er tidlegare upubliserte og somme strekkjer seg attende til fotografiets barndom
– Intervju av over 500 informantar, fleire av desse har gått bort under arbeidet med boka
– Registrering av over 80 båtteikningar, mange av desse er tidlegare upubliserte
– Registrering av over 80 audiovisuelle kjelder
Mykje av dette materialet har stort potensiale for etterbruk og systematiseringa vil ha stor nytteverdi for all vidare gransking på dette feltet.

Digitaliseringsprosjekt
– Skanna over 4000 bilete frå negativ/dias/papiroriginal
– Det er teke om lag 35 000 digitale fotografi til boka
– Digitalisert over 15 timar med audiovisuelle kjelder
– Digitalisert over 250 sider med kjeldetekst
– Utarbeiding av digitalt register over båtteikningar
– Digitalisering av over 50 båtteikningar
– Regattaresultat: søkbar digital database med over 20 000 enkeltresultat frå 1871-i dag
– Det er gjort avskrift av fleire tusen sider kjeldetekst til boka
– Det er produsert over 30 tabellar til boka
– Det er produsert over 50 digitale temakart/figurar til boka
Dette materialet har stort potensiale for etterbruk.

Samarbeidsprosjekt
– Bokprosjektet møter stor velvilje hjå ei rekkje ulike kontaktar: Oselvarmiljø, museum, kulturelle og idrettslege organisasjonar på både lokalt, regionalt og nasjonalt nivå, medieverksemder og fotografar
(til dømes har fleire internasjonalt kjende fotografar, som mellom anna har arbeidd for publikasjonar som National Geographic, Classic Boats og Wooden Boat, stilt fotosamlingar til rådvelde for boka), arkivinstitusjonar, offentlege organ og ikkje minst ei lang rekkje andre privatpersonar, verksemder og offentlege organ som det vil føra for langt å ramsa opp her.

Publisering undervegs av forfattaren
Kapproing i tradisjonsbåtar?
Årebladet - organ for Hordaland Fylkeskystlag 2/2011, 1,5 sider - 650 teikn.

I vesterlei med 1700 års båtsoge
Os & Fusaposten 30. juli 2011, heilside - 3786 teikn.

Frisk sigling på Bjørnafjorden gjennom 75 år
Bladet Tysnes 12. august 2010, to heilsider - 9264 teikn.

Vi snakkast på fjorden!
Kronikk i Bergens Tidende 5. august 2009. 1 side - 6568 teikn.

Den kompetente båtbrukaren - utdøydd eller utegløymt?
Innspel til Nasjonal Verneplan for Fartøyer i Bladet Kysten nr. 3/2009, 2 sider - 7965 teikn.

Prosjektskildring for boka "Oselvaren - den levande båten"
Hjellestad og Milde Historielag Årbok 2007, 14 heilsider - 19 294 teikn

Deltaking på båtfaglege seminar
- Råseglseminar, Norheimsund 21-24. september 2006
- 10-års jubileum Oselvarverkstaden på Bjørnefjorden Gjestetun/Hordamuseet 22-23. november 2007
- Safeguarding Intangible Maritime Cultural Heritage, Brest 13. juli 2008
- Bateaux et navigation, Brest 15. juli 2008
- Immatriell Kulturarv-seminar, Lillehammer 2-3. desember 2009
- Råseglseminar, Nedstrand 16-19. september 2010
- Seminar Hordaland Fylkeskystlag, Vinnesvågen skule, Austevoll 21 mai 2011
- Bátar og bátasmiði, Gardarshólmur i Husavik på Island 20. juli 2011
- Vil tradisjonsbåten overleve? Forbundet Kystens landsseminar, Tromsø 28-30. mars 2014
- St. Magnus Conference, Lerwick, Shetland 9-12. april 2014
- European Maritime Heritage-konferanse, Workum, Nederland 12-14. oktober 2014

Profileringsaktiviteter
- Oselvarfestivalen på Os, august 2004-2009
- Torgdagen i Bergen 2005-2006
- Øyrane Torg, april 2006
- Båtmessa Dra til sjøs, Arenum 16-19. februar 2006
- Båtmessa Båter i sjøen, Arenum i Solheimsviken, 22-24. september 2006
- Hordaland Seilbåtmesse, Anglevik 20-22. oktober 2006
- Båtmessa Dra til sjøs, Arenum 15-18. februar 2007
- Brest Maritime Festival, 11-17. juli 2008
- Båtmessa Båter i sjøen, Arenum i Solheimsviken, 25-27. september 2009
- Kystkulturfestivalen Sail Husavik, Island 16-23. juli 2011

Brosjyrar
- Brosjyre til Forbundet Kystens Landstevne 2014
- Brosjyre til Sail Husavik 2011
- Bokbrosjyre frå 2009
- Brosjyre til Brest Maritime Festival 2008
- Brosjyre til Torgdagen 2006
- Plakat 2006
- Bokbrosjyre frå 2004
Les meir her

Internasjonal interesse
Sjølv om Oselvaren har sitt opphav i Hordaland har bokprosjektet vekt interesse utanfor Noregs grenser:

Shetland Museum & Archives
– Under ei granskingsferd til Lerwick på Shetland i 2007, fekk forfattaren god kontakt med tilsette på museet og seinare òg med båtsamlinga Unst Boat Haven. Under eit seminar på Baroniet i Rosendal vart kontakten teken opp att og det er inngått avtale med Shetland Museum & Archives om utgjeving av eit tospråkleg illustrert særtrykk som omhandlar båthandelen over Nordsjøen på 1500-1800-talet. Dette særtrykket vil romma stoff som ikkje kjem med i boka om Oselvaren. I samband med lansering av særtrykket er det planlagt ein foredragsturné vestover.
– Forfattaren har òg bidratt til ei doktoravhandling ved NAFC Marine Center i Scalloway om utviklinga av Shetlandsk fiskeindustri med historisk informasjon og kjelder.
- I 2012-2014 har forfattaren vore bidragsytar på kjeldesida for ei doktorgradsavhandling der tema er interkulturelle objekt og regional identitet på Vestlandet og Shetland
- Sidan 2013 har forfattaren vore bidragsytar på kjeldesida for ei anna doktorgradsavhandling der tema er utviklinga av den Shetlandske båten.
- I april 2014 heldt forfattaren foredrag om båthandel over Nordsjøen på St. Magnus Conference

Les meir her

Sail Husavik, Nordisk Kystkulturfestival på Island
Forfattaren var prosjektleiar for Forbundet Kysten sitt formidlingsprosjekt I vesterlei med 1700 års båtsoge under den nordiske kystkulturfestivalen Sail Husavik 16-23. juli 2011. Dette var fyrste gong fullskala versjonar av Halsnøybåten (ca. 300 e. Kr), Gokstadfæringen (ca. 900 e. Kr), ein råseglrigga Oselvar og ein moderne spriseglar har vore presentert saman. Innhaldet i prosjektet vart formidla gjennom foredrag på Færøyane og Island, utstilling og demonstrasjon av båtane på sjøen på Island. Prosjektet fekk merksemd av fjernsynstasjonar i fleire land.

Les meir her


Brest Maritime Festival 2008
Ei veke i juli kvart fjerde år er Brest i Frankrike åstad for verdas største maritime festival med eit publikum på over to millionar og fleire tusen tilreisande båtar og skip.
– Forfattaren vart invitert til båtbladet Chasse Marée sin fire dagar lange rundebordskonferanse Bateaux et navigation 12-15. juli 2008 der han heldt foredraget Oselvar – a traditional boat with a future, ein 45 minutts presentasjon/61 lysbilete på engelsk/fransk. Mellom dei som sat i salen var presidenten til Kroatia, Stjepan Mesić.
– Forfattaren var konseptutviklar og arrangør av Forbundet Kysten sitt seminaret Safeguarding Intangible Maritime Cultural Heritage ombord på M/S Sjøkurs under Norges Dag 13. juli. Seminaret tok opp korleis ein kan ta vare på immateriell kulturarv og vidareføra handlingsboren kunnskap.

Les meir her