• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  

Mellomspel med Mass på Myro

Mads Johannes Samsonson Vee (1871-1960) er tidlegare sjømann og ein ivrig hobbysiglar. Like sidan Ola Dilt var ny har båten stått lagra i naustet hans. Ola Dilt står på golvet medan ein annan båt heng under taket, elles er det helst lite ledig plass i naustet. Audun Lavik betaler Mads for å stella med båten, og båtstell er noko Mads likar. Han kunne dessutan sy segl til kappseglingsbåtar, truleg har han sydd segl til Ola Dilt.

Avdi Mads heldt naustplass fekk han òg bruksrett til Ola Dilt. På sumarregattaen til båtlaget 14. juli 1946 stiller det 25 båtar til start. Denne regattaen vert svært dramatisk, den sterke vinden gjer at heile tolv båtar bryt løpet av ulike årsaker.

For leiarbåten i K-klassen Ola Dilt endar det heile med kollsegling i Instøysundet. Mannskapet på Ola Dilt er Lars R. Tysnes (1904-1994), Ingvald Teigland (1897-1970) og Arne Vee (f. 1930). Før krigen har dei to fyrstnemnde arbeidd i USA på jåttana og amerikansk seglterminologi er godt kjend i seglmiljøet på Tysnes på denne tida. Rormann Lars R. Tysnes ser difor ikkje nokon grunn til å gje noko vidare utgreiing på kva som skal skje då han seier Ready to jibe! Mannskapet er likevel alt anna enn klar og jibben vert ukontrollert. Dermed går det som det må gå, båten går rundt og alle tre hamnar i sjøen. Medan dei tre kavar i sjøen, seglar den eine konkurrenten etter den andre forbi. Desse båtane bryt dermed dåverande § 40 i seglreglementet, som seier at en båt skal yde all mulig hjelp til en farkost eller en person som er i fare.

Dette får følgjer og dagen etter vert det skrive ein ein protest. Denne protesten vert handsama av Bergen og Hordaland Seilersamband sitt Appellutval. I avgjerda vert to av båtane som seglar forbi Ola Dilt diskvalifisert. Grunngjevinga til appellutvalet er at de diskvalifiserte båter ikke har forsøkt å komme den kulseilte båt Ola Dilt til hjelp.

Det er ikkje kjent at Ola Dilt deltek på andre regattaer på 1940-talet. Etterkvart vert det klart at Mads vil ha Ola Dilt ut or naustet og eit sal er på gang.



 
Ola Dilt med den originale 10 kvm. riggen.

Ola Dilt med den originale 10 kvm. riggen.